Bringebær

Typar og lagring
Villbringebær er mindre, men har ein sterkare aroma enn hagebringebær. I butikkane blir det berre seld hagebringebær. Mest vanleg i Noreg er raude bringebær, men det finst òg bringebær som er svarte, gule, oransje og kvite.
Den norske sesongen strekker seg frå juli til september. Bringebær har svært kort haldbarheit og blir fort blaute. Best oppbevaring er så nær 0 gradar som mogleg.

Bruksområde
Bringebær kan etast naturelle åleine eller saman med andre bær til is eller andre dessertar. Friske bringebær kan òg nyttast som pynt på blautkaker eller saman med andre bær i pai. Dei er òg nydelege som kompott, til fromasj, fyll i blautkaker eller rullekaker.
Kvalitetskrav

Bringebær skal vere tørre utanpå, men likevel saftige. Dei skal òg vere heile og godt modne. Fargen kan variere frå lysare raud til mørk raud avhengig av bærtype.
Næringsinnhald
Bringebær inneheld rikeleg med antioksidantar – mellom anna vitamin C og E. Av mineral kan vi nemne kalium, magnesium og kalsium. I tillegg inneheld bringebær ein del folat og jern.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Film om bringebær
I filmen under (lengde 1:25) kan du lære meir om bringebær og få tips til korleis dei kan bli laga til.
Med andre ord
Latin: Rubus idaeus
Engelsk: Raspberries
Tysk: Himbeeren
Fransk: Framboises