Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Bær

Fagstoff

Aronia/svartsurbær

Aronia (svartsurbær) er mest kjent som ein prydbusk. Han høyrer til rosefamilien. Det er ein 1,5–3 m høg bladfellande busk med grøne, glinsande blad. Blomstrane er kvite med små raude prikkar inst på kronblada.

Utsjånad

Blomstrane på planten kjem i mai–juni, og seinare på sommaren kjem dei svarte bæra. Om hausten har busken vakre haustfargar. Den norske sesongen strekker seg frå september til oktober.

Utbreiing

Aronia er viltveksande i dei nordaustre delane av Nord-Amerika, og i tempererte strøk av verda blir han dyrka som prydbusk. Busken blir òg dyrka på grunn av bæra, særleg i Aust-Europa og det tidlegare Sovjetsamveldet. Han kan vekse i dei fleste typar jordsmonn og er lite næringskrevjande. Aronia er seintveksande, og det vil ta nokre år før han får bær.

Bruksområde

Dei dekorative bæra er etande og fulle av antioksidantar. Svartsurbær blir mest brukte til syltetøy, safting, gelé og til vin og likør. Bæra er òg kjende for den helsebringande effekten sin og blir brukte i Aust-Europa, USA og Tyskland. I Russland er dei kjende for å ha effekt på høgt blodtrykk og hudsjukdommar.

Næringsinnhald

Svartsurbær inneheld fargestoff som verkar som antioksidantar. Dei inneheld òg mykje vitamin, mellom anna vitamin A, E og B2. Vidare finst det 20 gonger meir vitamin P (bioflavonoid) i svartsurbær enn i eple og appelsinar. Elles er det mykje mineral og sporstoff som jern, jod og kalsium. Svartsurbær inneheld mykje pektin, slik at syltetøy og gelé som blir laga av bæra, lett blir stivt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Skrive av Anette Eikild Larsen.
Sist oppdatert 25.02.2026