Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Fiskeartar

Oppgåve
Interaktivt innhald

Fordjupingsoppgåve – fisk

Gjennom denne oppgåva skal du bli betre kjend med ein fisk ved å fordjupe deg i ein fiskesort. Viss du følger med når dei andre i klassen presenterer fiskesortane sine, lærer du mykje om fisk!

Del 1

Vel deg ein fiskesort, og jobb vidare med denne ved å fordjupe deg i følgande tema:

  • beskrivingar av fiskesort (mellom anna kor feit han er)
  • næringsinnhald og eventuell helsegevinst
  • bruksområde
  • oppbevaring over kortare og lengre tid
  • mengdeberekning – både filet og heil fisk
  • kjernetemperatur
  • hygienekrav ved stell og oppbevaring av fiskesorten
  • oppskrift på ein klassisk rett med denne fisken og tilbehøyr

Du skal presentere oppgåva på valfri måte for lærar og medelevar.

Forslag til kjelder

  • nettstaden Sjømatskolen frå Godfisk

  • det interaktive fiskeleksikonet under. I presentasjonen finn du informasjon om ein del fisk det blir drive fangst eller oppdrett av i Noreg. På kvar side er det lenke til ein artikkel eller ei nettside med meir informasjon om arten. Desse lenkene er òg samla i ei eiga liste under presentasjonen.

Lenkesamling

Lenker til artiklar eller nettsider om fiskeartar det blir drive fangst eller oppdrett av i Noreg.

Torskefiskar

Laksefiskar

Flyndrer

Andre fiskar

Reinsefiskar

Del 2

Denne oppgåva skal du levere inn saman med det andre fagstoffet, men ikkje presentere.

Beskriv framgangsmåten og viktige element for å få eit godt resultat for desse grunnleggande tillagingane:

  • fiskekraft
  • fiskefarse

Del 3

Ta utgangspunkt i fiskesorten du valde i del 1. Du skal lage ein valfri rett av denne fisken.

  • Finn ei oppskrift.

  • Skriv ei bestillingsliste.
  • Lag ein arbeidsplan.
  • Lag retten på kjøkkenet.

Klassen lagar ein buffé og lagar og presenterer rettane til alle elevane.

Skrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist oppdatert 08.01.2025