Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Lange

Langa har fått namnet sitt fordi ho har ein langstrekt kropp. Langa er ein torskefisk som kan finnast på 60–1000 meters djup, men som er vanlegast på 300–400 meter. Ho trivst best i område med steinbotn og livnærer seg av andre fiskar som torsk, flyndre og sild i tillegg til hummar og sjøstjerner.

Utbreiing

I Noreg er det mest lange mellom Stad og Vesterålen. Unge fiskar held seg i djupe parti nærast kysten. Herifrå vandrar langene ut til gytefelta i Nordsjøen og i området nord for Dei britiske øyane.

Fangst og fangstreiskapar

Lange vert hovudsakleg fiska med botnline eller botngarn langs eggakanten, men det blir òg teke ein del lange på store djup inne i fjordane. Lange vert fiska heile året, også som bifangst ved anna fiske. I dag er fisket regulert gjennom kvotar og forvaltningssystem for å sikre berekraftige bestandar.

Bruk

Lange har eit kvitt, smakfullt og relativt fast kjøtt. Smaken kan minna om torsk, og ho kan med hell lagast til på same måten som torsk.

Næringsinnhald

Lange er ein mager fisk og ei god proteinkjelde. Fisken inneheld også viktige mineralar som selen og små mengder kalsium og magnesium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Rettshavar: Norges sjømatråd.
Sist oppdatert 13.05.2026