Breiflabb

Bestand og fangst
Kunnskapen om breiflabbestanden er betre enn tidlegare, men det er framleis noko uvisse knytt til bestand og utbreiing. Bestanden i nordlege område blir rekna som livskraftig og blir forvalta gjennom reguleringar som blant anna omfattar kvotar og avgrensingar i fiskemetodar.
I Noreg har fisket etter breiflabb tradisjonelt vore eit bifangstfiske. Dei seinare åra har det derimot utvikla seg eit direkte garnfiske etter breiflabb. Dette fisket går hovudsakleg føre seg på kysten av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vanlege fangstreiskapar er botngarn, botntrål og botnline.
Bruk

Breiflabb vert seld fersk eller frosen, flådd og hovudkappa eller som filetar. Han har fast og kvitt kjøtt som gjer at han eignar seg til mange typar tillaging. Breiflabb blir ofte brukt i steikte og omnsbakte rettar, men eignar seg også til grilling og koking. Det faste kjøttet gjer at fisken held forma godt under tillaging.
Næringsinnhald
Breiflabben er ei god proteinkjelde som òg inneheld vitamin A og andre næringsstoff.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.