Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Sei

Seien er ein torskefisk som lever i Nord-Atlanteren. Han lever frå havoverflata og ned til fleire hundre meter djupn. Han er ein stimfisk som kan samla seg i store mengder der det er godt med mat. Han livnærer seg av småfisk som sild og brisling.

Seien vert kjønnsmoden i fem–seks-årsalderen og gyter i perioden januar–mai på kystbankane frå Lofoten og sørover til Nordsjøen. Yngelen driv passivt nordover med kyststraumane, og småseien viser seg om våren på Sør- og Vestlandet og så seint som i august ved kysten av Finnmark. Seien vandrar langt frå nærings- og oppvekstområda til gytefelta.

Bestand

Seibestandar i norske farvatn blir forvalta gjennom kvotar og reguleringar, og nivåa varierer mellom år og område. Ein skil ofte mellom bestandar nord og sør for 62 grader nord.

Fangst og fangstreiskapar

Seien er ein av dei viktigaste kommersielle fiskeartane våre. Fisket føregår i kystnære farvatn, i nord for det meste vest for Nordkapp. I fjordane og utanfor kysten av Finnmark skjer det eit betydeleg notfiske. Elles er Nordsjøen og bankane nordover til Vest-Finnmark spesielt gode område. Seien vert fiska med botntrål, snurrevad, snurpenot, garn eller jukse.

Bruk

Seien vert seld fersk som filetar eller heil fisk, frosne filetar eller som klippfisk og tørrfisk. Sei kan steikjast, kokast og grillast. Han eignar seg godt til fiskemat, for eksempel grove seikarbonadar.

Næringsinnhald

Sei er først og fremst ei god proteinkjelde, men inneheld òg ein god del vitamin B12 og selen.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Rettshavar: Norges sjømatråd.
Sist oppdatert 22.04.2026