Laks

Utbreiing
Når lakseyngelen er blitt smolt, forlèt han elva og dreg ut i havet. Etter to til fire år i havet blir han kjønnsmoden og startar gytevandringa tilbake til elva han kom frå.
Atlanterhavslaks er utbreidd i det nordlege Atlanterhavet. Her vandrar den kjønnsmodne laksen inn til kystane og opp i elvane for å gyte. Noreg har mange lakseførande vassdrag.
Bruk
Laks blir seld fersk eller djupfrosen i skiver, som filetar eller som heil fisk. Laksefileten kan òg vere graven, kaldrøykt og varmrøykt. Fersk laks kan brukast rå til sashimi og sushi, han kan kokast, steikjast og grillast og er utmerkt i wok- og gryteretter. Røykt laks kan brukast som pålegg eller i salatar, pasta og i andre kombinasjonar.

Næringsinnhald
Oppdrettslaksen er ernæringsmessig eit glimrande produkt. Han inneheld mykje omega-3-feittsyrer og er rik på dei feittløyselege vitamina A og D. I tillegg er laks ei god proteinkjelde.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Fangst
Fisket etter villaks har tradisjonelt vore knytt til laksen si vandring mot land for å gyte. I dag er fisket strengt regulert og er i hovudsak berre for sportsfiskarar. Dette vil seie at tilgangen på villaks er avgrensa.
Oppdrett
Noreg har vore ein pioner i utviklinga av lakseoppdrett og har sidan gjennombrotet med sjøbasert oppdrett i 1970-åra halde på posisjonen sin som den leiande produsenten i verda av atlantisk laks. Som kyst- og eksportnæring har laksenæringa blitt svært viktig for Noreg. Laksenæringa er ei av dei viktigaste eksportnæringane i landet og har stor økonomisk betydning. Samtidig er næringa gjenstand for debatt, særleg knytt til miljøpåverknad. Utfordringar som lakselus, oppdrettsfisk som rømmer, og spørsmål knytte til berekraft og dyrevelferd gjer at næringa er under stadig utvikling og regulering.
