Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Piggvar

Piggvaren er ein flatfisk som lever i Nord-Atlanteren, Middelhavet og Svartehavet. Piggvar tilhøyrer varfamilien og er kjend for den karakteristiske, nesten ovale kroppsforma og evna til å kamuflere seg på havbotnen.

Føde og leveområde

Piggvaren lever frå fjøra og ned til cirka 80 meters djupn og finst ofte delvis nedgraven i botnlaget på sand-, grus-, stein- eller blautbotn. Piggvaren er ein aktiv rovfisk. I vaksen alder lever han hovudsakleg av annan fisk og ulike krepsdyr. Hannen vert kjønnsmoden i tre-årsalderen, hoa i fire-årsalderen.

Fangst og fangstreiskapar

I Nordaust-Atlanteren blir piggvar fiska blant anna i Nordsjøen og Skagerrak. Han blir fiska med reiskapar som snurrevad, botntrål eller botngarn. Mykje av piggvaren som vert omsett i Europa, kjem frå oppdrett, hovudsakleg frå Sør-Europa. I Noreg er produksjonen liten fordi piggvaren er avhengig av å få tilført forholdsvis varmt vatn.

Bruk

Piggvaren vert seld fersk i skiver, som filetar eller som heil fisk. Kjøttet er kvitt, fast, fint og svært ettertrakta. Piggvaren kan steikjast, kokast og grillast, og kjøttet har best kvalitet i september–april.

Næringsinnhald

Piggvar er ei god proteinkilde og innehold også omega 3-feittsyrer, men mengda kan variere med blant annet fangstområde og oppdrettsforhold.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Rettshavar: Norges sjømatråd.
Sist oppdatert 22.04.2026