Kor god er uttalen din?

Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i denne artikkelen:
- Aksent
- Aksent er når du kan høyre på uttalen at nokon ikkje har språket dei snakkar som førstespråk. Du kan høyre det på lydane og setningsmelodien.
- Setningsmelodi
- Setningsmelodi er korleis tonen i stemma går opp eller ned i ei setning. Setningsmelodien kan til dømes vise om vi stiller eit spørsmål eller kjem med ein påstand.
- Funksjonell tale
- Funksjonell tale er når du snakkar eit språk godt nok til at du kan delta i samtalar, forstå og bli forstått i ulike situasjonar.
Forståeleg uttale
Forståeleg uttale betyr at du snakkar slik at den som høyrer på deg, forstår kva du seier. Det er når du kan kommunisere utan at det blir mange misforståingar. Dette kallar vi funksjonell tale, og det er det aller viktigaste når du skal lære deg eit språk. Sjølv om dei fleste ønsker å snakke heilt utan aksent, er dette vanskelegare å få til jo eldre du er når du begynner å lære språket. Derfor er det viktig å øve på dei delane av uttalen som kan gjere at du blir misforstått.
Kva får du til?
Det er lurt å starte med å legge merke til det du faktisk får til. Sjølv om det er mykje igjen å lære, er du i gang. Så tenk over dette:
Kva for sider av norsk uttale får du til? Er det lydar du før syntest var vanskelege, men som du no klarer å uttale?
Er det nokon former for munnleg kommunikasjon – altså nokon situasjonar – du meistrar betre enn andre? Kvifor det, trur du?

Kva er vanskeleg for deg?
Tenk over kva du synest er vanskeleg ved å snakke norsk:
Opplever du ofte at folk misforstår det du seier? I kva for situasjonar skjer dette?
Kva for lydar er vanskelege?
Kva for ord strever du med?
Får du til å legge trykk på den rette staden i ord?
Klarer du å lage ulik setningsmelodi på spørsmål og påstandar?
Snakkar du like fort som ein person med norsk som førstespråk?

Set deg mål
Tenk over og skriv gjerne ned svar på alle spørsmåla over. Då kan du bruke informasjonen til å setje deg mål og bestemme deg for kva du vil få betre til i norsk uttale.
Det er lurt å ikkje setje opp for mange mål om gongen. Til dømes kan det vere å lære seg nokre lydar, eller vise at noko er eit spørsmål ved å bruke rett setningsmelodi. Bestem deg òg for kor mykje du vil øve, og når du kan sei til deg sjølv at du har nådd målet. Be gjerne læraren din om hjelp til å setje mål.
Eit mål kan til dømes vere å klare å skilje dei to lydane /u/ og /y/. Då kan du til dømes øve på lydane framfor ein spegel fem minutt kvar dag i to veker.
Relatert innhald
Få gode tips til korleis du kan øve på norsk uttale.