Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Marknadsstrategi

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Korleis utviklar vi ein heilskapleg marknadsstrategi?

Kva produkt skal vi selje til kven? Kvar og korleis skal produktet seljast, og til kva pris? Dette må vi ha ein strategi for når vi skal marknadsføre det.

Kva er ein marknadsstrategi?

Ein marknadsstrategi er ei rekke strategiske avgjerder, til dømes val av målgruppe og bruk av konkurransemiddel, for å nå marknadsmål. Marknadsstrategien inngår i marknadsplanen og består av

  • marknadssegmentering og målgruppeval

  • merkevarestrategi

  • prisstrategi

  • distribusjonsstrategi

  • kommunikasjonsstrategi

Utvikle ein marknadsstrategi

Korleis skal vi nå marknadsmåla vi har sett oss? Det skal marknadsstrategien gi oss svar på. Men før vi set i gang med å utvikle marknadsstrategien, bør vi analysere marknaden, til dømes med ein bransjeanalyse og ein situasjonsanalyse. Slike analysar gir oss verdifull informasjon om konkurransesituasjon, eksterne arbeidsvilkår og eigne styrkar og svakheiter. Den innsikta gir oss grunnlaget vi treng for å utvikle ein god marknadsstrategi.

Marknadssegmentering og målgruppeval

Kven skal vi rette marknadsføringa mot? Vi startar med å segmentere marknaden. Det vil seie at vi deler marknaden inn i grupper basert på relevante fellestrekk, til dømes alder.

Når vi har segmentert marknaden, vel vi ut målgruppene vi ønsker å rette oss mot. Vi kan til dømes velje det segmentet vi vurderer som mest lønnsamt.

Ved å fokusere på spesifikke målgrupper kan vi tilpasse marknadsføringsaktivitetane våre slik at vi kan møte behova og preferansane til kundegruppene på ein betre måte.

Når vi forstår målgruppa, kan vi bruke konkurransemidla produkt, distribusjon, pris og marknadskommunikasjon meir effektivt for å nå marknadsmåla våre. Då aukar sjansane for at kundane blir meir tilfredse og lojale.

Les om marknadssegmentering og målgruppeval

Marknadssegmentering

Strategiar for målgruppeval

Merkevarestrategi

Produktet er sjølve kjernen i marknadsstrategien. Utan eit produkt har vi ikkje noko å marknadsføre, så vi bør sørge for å ha eit godt og solid produkt i botnen. Vidare bør vi jobbe for at produktet blir ei sterk merkevare med ein attraktiv posisjon i marknaden, og at det gir god inntening.

Men korleis kan vi gi produktet vårt verdi, tilleggsfordelar og positive assosiasjonar? Det kan vere effektivt å starte med ei merkevareplattform. Ei merkevareplattform er eit styringsverktøy som bygger på kva visjon, posisjon, verdiar og merkeløfte verksemda har. Til saman utgjer dei merkekjernen – essensen i merkevara.

Les om merkevarestrategi

Merkevarestrategi og merkevarebygging

Prisstrategi

Dei strategiske avgjerdene knytte til pris er òg ein viktig del av marknadsstrategien, fordi prissetjing påverkar kor lønnsam verksemda er og korleis kunden oppfattar verdien av produktet.

Ein god prisstrategi avheng av kva vi som verksemd ønsker å oppnå. Strategien må òg sjåast i samanheng med dei andre konkurransemidla. Vel vi ein høg pris, kan vi tene mykje per produkt. Vel vi ein låg pris, kan vi ofte få selt fleire produkt. Prisen kan òg påverke omdømmet til både produktet og verksemda. Kundane forbind ofte høg pris med god kvalitet og eksklusivitet, og låg pris med det motsette. Vi bør velje ein prisstrategi som passar inn i den heilskaplege marknadsstrategien vår.

Når vi skal fastsetje prisen, startar vi med å velje ein overordna prisstrategi: høg, nøytral eller låg pris. Deretter vel vi ein prissetjingsmetode basert på betalingsvilje, kostnader og/eller prisar hos konkurrentar. Med utgangspunkt i dette fastset vi ein basispris. Denne prisen kan vi justere for å påverke prisoppfatninga til kunden. Då har vi den endelege prisen på produktet.

Les om prisstrategi

Å utvikle prisstrategi

Distribusjonsstrategi

Ein heilskapleg marknadsstrategi krev òg ein god distribusjonsstrategi. Vi må få gjort produktet tilgjengeleg for kunden. I tillegg må distribusjonsstrategien legge grunnlaget for ei lønnsam drift.

Når vi bestemmer oss for distribusjonsstrategi, må vi velje

  • distribusjonsform (direkte eller indirekte distribusjon)

  • distribusjonsgrad (intensiv, selektiv eller eksklusiv)

  • distribusjonskanal (eige varehus, fabrikkutsal, detaljist osb.)

Les om distribusjonsstrategi

Korleis utviklar vi ein distribusjonsstrategi?

Kommunikasjonsstrategi

For å lykkast med marknadskommunikasjonen treng vi ein kommunikasjonsstrategi. Han er ein integrert del av marknadsstrategien og bidreg til å bygge sterke merkevarer, gi auka kundelojalitet og auka sal. Vi bør derfor planlegge kommunikasjonen og sørge for å utvikle godt innhald for ulike kanalar. Planlegging av kommunikasjonstiltak består i å

  1. definere klare mål for kva vi ønsker å oppnå

  2. velje målgruppe

  3. utforme og tilpasse bodskapen

  4. velje relevante verkemiddel, kanalar og tiltak

Les om kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi

Marknadsmiks

Marknadsmiks er måten vi bruker og kombinerer konkurransemidla på. Vi må sjå strategiane for dei ulike konkurransemidla i samanheng slik at dei støttar opp om kvarandre og trekker i same retninga. Skal vi til dømes lansere eit luksuriøst produkt, bør prisen spegle den høge kvaliteten og eksklusiviteten. Vidare er det naturleg at produktet berre blir tilgjengeleg på utvalde utsalsstader.

Les om marknadsmiks

Marknadsmiks

Etisk bruk av konkurransemiddel

Når vi utviklar marknadsstrategien, må vi òg gjere etiske vurderingar av måten vi bruker konkurransemidla på. I etterkant må vi òg kontrollere om vi har gjort etisk gode val. Er til dømes produksjonen etisk forsvarleg? Dersom vi har prioritert låge produksjonskostnader for å kunne satse på ein lågprisstrategi, kan det ha gått ut over etikken. Kan vi stå inne for vala vi har gjort?

Les om etisk bruk av konkurransemiddel

Etisk bruk av konkurransemiddel

Effektmåling

No har vi teke ei rekke marknadsstrategiske avgjerder i utviklinga av marknadsstrategien. Men korleis kan vi vite om avgjerdene har hatt ønskt effekt? Har dei bidrege til å nå marknadsmåla våre? Har innsatsen gitt nok effekt i kroner og øre til å forsvare pengebruken? Effektmåling kan gi oss svar på noko av dette.

Les om effektmåling

Effektmåling

Film: marknadsstrategi for Trøll

I animasjonsfilmen nedanfor (lengde 4:37) følger vi marknadsansvarleg Mette. Ho er i gang med å utvikle marknadsstrategien for drikken Trøll.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Diskuter

  • Trølls marknadsstrategiske avgjerder

  • kva som ligg i ein heilskapleg marknadsstrategi

  • korleis effekten av marknadsføring kan målast

Test deg sjølv

Sjå om du hugsar fagomgrepa i marknadsstrategi ved å bruke dei interaktive korta nedanfor.

Fagomgrep

Distribusjonsstrategi
er korleis ei verksemd – med utgangspunkt i ønskt tilgjengelegheit – vel distribusjonsform, -grad og -kanal.
Kommunikasjonsstrategi
er ei samling strategiske avgjerder knytte til kommunikasjonen inne i sjølve verksemda, og korleis verksemda skal kommunisere med marknaden.
Konkurransemiddel
er strategiske verkemiddel; produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon, som verksemder bruker for å posisjonere seg i marknaden.
Marknadskommunikasjon
er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.
Marknadsplan
er ein plan for å styre og koordinere tiltaka i marknadsføringa.
Marknadsmiks
er måten vi bruker og kombinerer konkurransemidla på.
Marknadsstrategi
er ei samling av strategiske avgjerder for å nå marknadsmål, som val av målgruppe og bruk av konkurransemidlar.
Merkevarebygging
er arbeidet med å tillegge eit produkt verdi, tilleggsfordelar og positive assosiasjonar i kraft av merket.
Merkevarestrategi
er ei samling strategiske avgjerder for å bygge og posisjonere ei merkevare.
Produkt
er ei vare eller teneste.
Prisstrategi
er ei samling strategiske avgjerder knytte til prissetjing av eit produkt.


Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.02.2026