Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Marknadsstrategi

Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Temu

Nettbutikken Temu har teke verda med storm, med til tider ekstremt låge prisar og løfte om fri frakt. Temu er no ein av dei mest nedlasta appane i Noreg. Drøft ulike etiske problemstillingar knytte til nettbutikken Temu.

Oppgåve

I denne oppgåva skal de drøfte i kva grad Temu bruker konkurransemidla på ein etisk måte.

Del 1: Produkt

  1. Sjå filmklippet Temu, til hvilken pris? (lengde 3:49) nedanfor og diskuter etiske utfordringar ved Temu sine produkt.

    • Forklar samanhengen mellom berekraft og etikk.

    • Kva for berekraftsutfordringar er knytte til Temu sine produkt?

    • Kva for andre etiske utfordringar er knytte til produkta til Temu?

    • Kva for tiltak kan Temu implementere for å sikre meir etiske og berekraftige produkt?

Del 2: Pris

KI-beskriving av Temu sin prisstrategi

Temu er ein kinesisk nettbasert marknadsplass som har oppnådd rask vekst ved å tilby eit breitt spekter av produkt til svært låge prisar. Prisstrategien deira er basert på fleire nøkkelfaktorar:

  1. Direkte sal frå produsent til forbrukar: Temu eliminerer mellomledd ved å la kinesiske leverandørar selje direkte til kundar. Dette reduserer kostnader knytte til distribusjon og forhandlarledd, noko som gjer det mogleg å tilby produkt til lågare prisar enn tradisjonelle butikkar. Kjelde: en.wikipedia.org

  2. Stordriftsfordelar: Som ein del av Pinduoduo-gruppa, ei av Kinas største e-handelsplattformer, dreg Temu nytte av etablerte leverandørnettverk og logistikkstrukturar. Dette bidreg til å halde kostnadene nede og prisane konkurransedyktige. Kjelde: en.wikipedia.org

  3. Aggressiv marknadsføring og gamification: Temu bruker omfattande marknadsføringskampanjar og interaktive element i appen for å engasjere brukarar og oppmuntre til hyppige kjøp. Dette inkluderer tidsavgrensa tilbod, spel og påskjønningssystem som skaper ei kjensle av hastverk og eksklusivitet. Kjelde: nhh.no

  4. Utnytting av tollfritak: Tidlegare har Temu drege nytte av tollfritak for små sendingar, kjent som "de minimis"-unntaket, som tillét import av varer under ein viss verdi utan å betale toll. Dette har bidrege til å halde prisane låge i marknader som USA. Kjelde: invezz.com

Denne prisstrategien har gjort Temu attraktiv for prisbevisste forbrukarar, men har òg ført til bekymringar knytte til produktkvalitet, miljøpåverknad og konkurransevilkår for lokale forhandlarar. Kjelde: tv2.no

ChatGPT si oppsummering (10.02.25)

Drøft

  1. Drøft om de kan stole på informasjon frå ulike KI-verktøy.

  2. Les om Temu sin prisstrategi ovanfor og sjekk ut om det som står der, stemmer. Ta gjerne utgangspunkt i kjeldene som er oppgitte.

  3. Drøft korleis Temu sin prisstrategi kan påverke andre aktørar i bransjen.

  4. Drøft om Temu har ein etisk prisstrategi.

Del 3: Distribusjon

  1. Finn informasjon om distribusjonsstrategien til Temu.

  2. Drøft korleis Temu sin distribusjonsstrategi påverkar berekraft og miljø.

  3. I kva grad synest de at Temu bruker konkurransemiddelet distribusjon på ein etisk måte?

  4. Diskuter og kom med forslag til korleis distribusjonen til Temu kan bli meir etisk.

Del 4: Marknadskommunikasjon

Les først kva Reklameskolen skriv om manipulerande design:

Manipulerande design er utforming og ord som er meint å påverke deg til å gjere noko du eigentleg ikkje vil. Det kan vere å handle, bli verande som kunde eller få deg til å gi frå deg personopplysningar. Eit typisk døme er eit timeglas som er i ferd med å renne ut når du ser på ei vare, og som gir deg kjensla av å måtte skunde deg å handle for å få ein god pris. Andre døme kan vere prangande fargar, strategisk plassering av svært gode tilbod, at du må gjennomføre fleire trinn for å seie opp eit abonnement, eller at opplysningar om angrerett eller kontaktinformasjon er vanskeleg å finne. (Reklameskolen, u.å.)

Beskriv og diskuter

  1. I interaktiviteten under er det to bilete, eitt med og eitt utan manipulerande verkemiddel. Flytt markøren mot høgre eller venstre for å avdekke bileta.

    • Beskriv dei ulike elementa i det manipulerande designet, og forklar korleis dei blir brukte for å påverke forbrukarar.

    • Diskuter etiske utfordringar knytte til bruk av manipulerande design.

    • Foreslå alternative designløysingar som kan vere meir etiske, men framleis effektive.

  1. Diskuter i kva grad de synest Temu har ein etisk marknadskommunikasjon.

Kjelde

Reklameskolen. (u.å.). Se opp for manipulerende design. Henta 13. mars 2025 frå https://www.reklameskolen.no/vgs/oppgaver/pass-deg-for-fellene/

Skrive av Tone Hadler-Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.02.2026