Ti spel om marknadsstrategiar
1. Jeopardy
Konkurrer i grupper om å få flest poeng i eit Jeopardy-spel.
Spel Jeopardy
I Jeopardy-spelet er det om å gjere å stille dei rette spørsmåla til svara i Jeopardy-brettet og få flest poeng.
Spelet startar med at de blir delte inn i grupper, og kvar gruppe får tildelt ein lyd.
Gruppa som startar konkurransen, får velje ein kategori og ei vanskegrad, til dømes "Marknadsstrategi 200”.
Læraren les opp svaret, og den første gruppa som lagar lyden sin, får stille spørsmålet.
Svarer gruppa med rett spørsmål, får dei det talet på poeng som denne luka har. Dei får òg velje neste luke som skal opnast.
Svarer gruppa feil, blir dei trekte det talet på poeng som står på luka. (Hugs at viss de gløymer spørsmålsformulering, blir det automatisk rekna som feil.) Dei andre gruppene kan deretter få lov til å svare.
Laget som har flest poeng når alle lukene er opna, har vunne.
Lykke til!
2. QR-løp
Jobb gruppevis med fagstoff om marknadsstrategiar på ulike postar i eit QR-løp.
Gjennomføring av QR-løpet

Jobb i grupper.
Ta med noko å skrive på og med.
Bruk kamera-appen på mobilen til å skanne QR-koden på dei ulike postane.
Jobb med dei ulike oppgåvene på kvar post.
Start på den posten som har same nummer som gruppenummeret og følg postane vidare i rett rekkefølge.
3. Terningspel
Øv på fagstoff innan marknadsstrategiar. Verdien på terningane bestemmer kva de får spørsmål om.
Spel Terningspelet

Sit i grupper på tre. Éin trillar terningen, éin les spørsmålet, og éin vurderer svara. Ruller på rollene.
Bruk løysingsforslaget og gi null, eitt eller to poeng, alt etter kor godt de vurderer svaret til å vere. Poenga blir skrivne inn på poengskjemaet. Den som har flest poeng ved slutten av spelet, har vunne.
I første runde kastar de terningen éin gong og svarer på spørsmålet som svarer til talet på auget på terningen.
I runde to summerer de opp talet på auge på to kast og svarer på spørsmålet som svarer til talet på auge på terningane.
I runde tre summerer de opp talet på auge på tre kast og svarer på spørsmålet som svarer til talet på auge på terningane.
Sjølv om ein spelar får eit spørsmål som er stilt tidlegare, skal hen svare på dette.
Etter at de har spelt ferdig, kan de gå gjennom dei spørsmåla som ingen fekk i løpet av spelet.
4. Memory
I memory skal du og ein medelev kople saman omgrep med rett forklaring.
Spel Memory

Legg alle korta opp-ned på bordet og bland dei.
Den eine spelaren startar med å snu to lappar – éin av kvar farge. Viss forklaringa på den eine lappen ikkje passar saman med omgrepet, legg spelaren dei tilbake med baksida opp. Så er det nestemann sin tur.
Viss forklaringa passar saman med omgrepet, tek spelaren vare på stikket og trekker to nye lappar. Den som har flest stikk til slutt, vinn.
For å gjere spelet litt meir utfordrande kan de eventuelt bestemme at omgrepet skal trekkast først. Deretter må spelaren gi ei forklaring på omgrepet før hen kan trekke ein lapp med forklaring.
5. Gjett omgrepet
Spel på lag og øv på omgrep innan marknadsstrategiar. Kan du forklare omgrepet ved bruk av synonym, motsetningar og hint, slik at laget ditt gjettar rett?
Spel Gjett omgrepet

Gå saman i grupper på fire eller fleire og del gruppa inn i to lag.
Lag 1 begynner. Ein på laget trekker ein lapp med eit omgrep, og stoppeklokka startar. Stoppeklokka blir sett på 1 minutt per runde.
Personen som trekte lappen, skal no forklare omgrepet til laget sitt UTAN å seie ordet som står på lappen. Det gjeld å forklare ved hjelp av synonym, motsetningar og hint, slik at medspelarane på laget forstår og gjettar omgrepet.
Når omgrepet er gjetta, trekker same person ein ny lapp. Her gjeld det å vere rask og forklare godt, slik at laget kan gjette så mange omgrep som mogleg før tida går ut.
Viss tida går ut mens eit omgrep blir forklart, kan motstandarlaget òg bli med å gjette på dette omgrepet. Viss motstandarlaget gjettar rett først, får dei dette poenget.
Viss ein person trekker eit omgrep hen ikkje kjenner, kan det leggast tilbake i skåla, men laget får eit minuspoeng per omgrep som ikkje blir fullført.
Når stoppeklokka ringer, byter de. Då er det ein person på lag 2 som skal trekke lappar med omgrep og forklare omgrepet så godt hen kan, til laget sitt.
Det er viktig at de rullerer, slik at alle på laget får både forklare omgrep og gjette.
Kvart lag får 1 poeng per rett forklart omgrep. Kvart lag får 1 minuspoeng for kvart omgrep som blir lagt tilbake.
Vinnarlaget er det laget som anten har flest poeng når det er tomt for omgrep, det laget som har forklart flest omgrep når timen er slutt, eller første lag som får 20 poeng.
6. Musikk-miks
Musikk-miks er ein metode for å lage tilfeldige makkerpar ved hjelp av musikk. Para som blir danna, skal hjelpe kvarandre med å løyse oppgåver.
Gjennomføring av Musikk-miks
Klassen blir delt inn i einarar og toarar.
Bruk litt tid på å sjå over oppgåvene på oppgåvearket. Vel ut nokre oppgåver du trur du kan forklare for andre og nokon du vil at andre skal forklare for deg. Marker gjerne dei oppgåvene du kjenner deg tryggast på å forklare for andre.
Følg instruksjonane til læraren vidare.
7. Parsjekk
Jobb to og to og repeter fagstoff innan marknadsstrategiar, både munnleg og skriftleg.
Gjennomføring av Parsjekk

Jobb i par.
Løys annakvar oppgåve på arket de får delt ut av lærar. Elev A gjer oppgåve 1 og forklarer for elev B. Deretter gjer elev B oppgåve 2 og forklarer for elev A.
Etter ei viss tid, kanskje 15 minutt, kan de ta ein felles gjennomgang i klassen.
Parsjekk eignar seg godt til oppstart av ei økt, og då kan de gjerne bruke oppgåver om det de jobba med førre økt.
8. Ekspertgrupper
Jobb i grupper, fordjup deg i eit tema og bli "ekspert". Del det du har lært med dei andre på gruppa til slutt.
Gjennomføring av Ekspertgrupper

Opprett grupper, som vi her kallar basisgrupper, og fordel temaa:
De skal no jobbe individuelt og bli ekspertar på kvart dykkar tema. Bruk cirka 20 minutt på å setje dykk inn i tildelt tema. Les tilhøyrande artikkel og bruk andre aktuelle kjelder.
Set dykk saman i ekspertgrupper. Dei som har fordjupa seg i same tema, jobbar saman. Bruk cirka 10 minutt. Del det de har funne ut og diskuter mellom anna spørsmål som: Kva handlar temaet om? Kva er viktigast? Korleis kan temaet presenterast for basisgruppa?
Set dykk tilbake i basisgruppene og presenter for kvarandre det de har funne ut. Kvar ekspert får tre–fire minutt til å presentere.
9. Bokstavkonkurranse
Jobb i lag, tenk fort og prøv å slå dei andre laga gjennom å skrive opp flest mogleg marknadsføringsord på eit visst antal minutt.
Gjennomføring av Bokstavkonkurranse

Set dykk i grupper.
De har fem minutt til å skrive ned flest mogleg marknadsføringsord som begynner med tildelt bokstav.
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Når tida er ute, skal de lese opp orda de har skrive ned.
Køyr gjerne fleire rundar med nye bokstavar.
10. Kahoot
Det kan vere både morosamt og lærerikt å lage gode spørsmål til ein Kahoot innan eit fagleg tema, og spele fleire Kahoot-spel – som medelevar har laga.
Lag og spel Kahoot

Set dykk i grupper på to til fire elevar.
Med utgangspunkt i eit tildelt eller valt fagleg tema, skal de lage spørsmål og svaralternativ til ein Kahoot-quiz for klassen.