Heilskapleg marknadsmiks

Kva meiner vi med marknadsmiks?
Marknadsmiks er måten vi kombinerer konkurransemidla produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon på i marknadsstrategien. Strategiane for dei ulike konkurransemidla må støtte opp om kvarandre og danne ein heilskapleg marknadsmiks.
Utvikle ein heilskapleg marknadsmiks
Korleis påverkar bruk av konkurransemiddel kvarandre? Vi skal her sjå på korleis eit konkurransemiddel kan legge føringar for dei andre konkurransemidla.
Marknadsmiks med produktet i sentrum
Produktet er vanlegvis utgangspunktet for marknadsstrategiske val. Dermed legg det føringar for resten av konkurransemidla. Prisen må spegle verdien på produktet, posisjoneringa i marknaden og distribusjonsstrategien. Det er ikkje like naturleg å kombinere høg pris med intensiv distribusjon. Eksklusivitet heng ofte saman med selektiv tilgjengelegheit.
Eigenarten til produktet påverkar val av distribusjonsstrategi. Både kor tilgjengeleg det er naturleg at produktet skal vere og den fysiske storleiken på produktet påverkar val av distribusjon. Tenester har ofte større fleksibilitet i distribusjonane enn fysiske varer. Strøymetenesta Netflix har til dømes ein digital distribusjonsstrategi som gir global rekkevidde utan fysiske avgrensingar. For ein bilforhandlar er det meir naturleg å velje ein distribusjonsstrategi med ein fysisk utsalsstad der kundane kan prøvekøyre bilane før kjøp.
Døme: luksusbilprodusenten Lamborghini

Lamborghini har produkt med høg kvalitet, eksklusivt design og innovativ teknologi. Det påverkar både prissetjinga, distribusjonen og marknadskommunikasjonen.
Produktet Lamborghini-bilar utstråler kvalitet og eksklusivitet, og tiltrekker seg derfor ei svært velståande målgruppe. Det legg føringar for prisstrategien, som her er høg.
For eit eksklusivt produkt med høg pris er det naturleg å velje ein eksklusiv distribusjon. Lamborghini-bilar blir derfor distribuerte gjennom svært få eksklusive forhandlarar.
Marknadskommunikasjonen til Lamborghini fokuserer på den eksepsjonelle ytinga, den banebrytande teknologien og det unike designet bilen har. Reklamekampanjar kan omfatte spektakulære videoar som viser kor hurtig og elegant bilen er, og samarbeid med prestisjefylte arrangement og kjendisar for å styrke det eksklusive imaget til merkevara.
Marknadsmiks med pris i sentrum
For ei verksemd som vil bruke låge prisar for å trenge inn i ein marknad, kan pris bli det førande konkurransemiddelet. Ønske om låg pris kan då påverke korleis produktet blir framstilt, distribuert og marknadsført.
Døme: ein møbelprodusent
Vi kan tenke oss ein møbelprodusent som set prisen før produktet blir utvikla, og så utviklar produktet innanfor den prisramma. Dersom møbelprodusenten til dømes skal utvikle ein ny type bokhylle til 500 kroner, jobbar dei baklengs frå den prisen. Dei finn materiale, design og produksjonsmetodar for å kunne produsere bokhylla til ein kostnad som tillèt dei å selje henne for 500 kroner, og likevel tene pengar.
Låg pris gir ofte låg forteneste per stykk, så vi må selje i store kvantum for at det skal bli lønnsamt. For produkt med ein lågprisstrategi blir det derfor oftast valt ein intensiv distribusjonsgrad. Marknadskommunikasjonen må spegle både målgruppa, produktkvaliteten og distribusjonsforma.
Plassen til marknadskommunikasjonen i marknadsmiksen
Marknadskommunikasjonen må vere i samsvar med posisjoneringa, prisstrategien og distribusjonen til produktet. Form derfor ut bodskap og vel kommunikasjonstiltak og -kanalar som er tilpassa målgruppa og dei andre konkurransemidla. Effektiv marknadskommunikasjon bidreg til å forsterke merkevara, skape gjenkjenning hos målgruppa og påverke kjøpsavgjerder.
Døme: Freia Melkesjokolade
Freia Melkesjokolade er posisjonert som folkeleg og nostalgisk. Det appellerer til mange nordmenn. Med reklamefilmar som «Et lite stykke Norge» og kampanjar med søkelys på tradisjon, fellesskap og glede skaper Freia assosiasjonar til norske verdiar. Det bidreg til å bygge ei sterk merkevare mange forbrukarar kjenner tilknyting til. Freia Melkesjokolade har ein relativt låg pris. I tillegg har produktet ein intensiv distribusjon. Det gjer det enkelt for forbrukarane å få tak i produktet, noko som igjen kan auke salet.
Marknadsmiks hos First Price versus Rolex

Produkt frå First Price har låge prisar, intensiv distribusjon og minimal marknadskommunikasjon. Det står i kontrast til eit luksusmerke som Rolex, der høg pris er kombinert med eksklusiv distribusjon og målretta marknadskommunikasjon for å forsterke merkeverdien.
Heilskapleg marknadsmiks – Dyreparken i Kristiansand som døme

Dyreparken i Kristiansand har ein sterk posisjon som turistattraksjon. Den ønsker dei å bevare. Val av marknadsmiks er derfor viktig for å tiltrekke seg og behalde besøkande.
Produktet til Dyreparken er samansett, med blant anna dyreattraksjonar, tematiserte område, underhaldningsframsyningar og overnattingstilbod.
Prisstrategien til Dyreparken er òg samansett. Dei tilbyr både dagsbillettar, årskort og pakketilbod med overnatting i Abra Havn eller Dyreparken Hotell. Prisane varierer etter sesong, billettype og kva tilleggstenester du vel. Du kan til dømes få rabattar når du kjøper familiepakkar eller bestiller på førehand.
Distribusjonen, altså billettsalet til Dyreparken, skjer hovudsakleg på Dyreparkens eiga nettside. Der kan kundane kjøpe billettar og pakkar direkte. Billettar kan òg kjøpast ved inngangen. I tillegg samarbeider Dyreparken med reiseoperatørar og hotell i regionen for å nå eit breiare publikum.
Mykje av marknadskommunikasjonen skjer på sosiale medium. Der jobbar dei med å engasjere og tiltrekke seg besøkande. Dei bruker til dømes Instagram til å dele bilete og videoar av dyr, spesielle arrangement og nye attraksjonar. Her kan dei òg promotere spesielle kampanjar og tilbod, som til dømes rabattar på inngangsbillettar eller familiepakkar. Dyreparken bruker òg tradisjonelle medium som tv og radio for å nå ut til publikum.
Film om marknadsstrategien til Dyreparken i Kristiansand
I filmen under (lengde 2:06) fortel Anniken Bjørnstad Schjøtt, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken i Kristiansand, meir om arbeidet deira med marknadsstrategi.
Diskuter
Beskriv marknadsmiksen til Dyreparken i Kristiansand.
Kva er det førande konkurransemiddelet, og korleis påverkar konkurransemidla kvarandre?
Kva meiner de er den optimale marknadsmiksen for Dyreparken? Grunngi.