Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Marknadsstrategi

Spel
Interaktivt innhald

Kodekammer – marknadsstrategi for Trøll

Kva er ein god marknadsstrategi for drikken Trøll? Her skal du jobbe deg gjennom eit innhaldsrikt kodekammer, som nytilsette Kim.

Lærarrettleiing

Det er utarbeidd ei lærarrettleiing til kodekammeret som gir deg som lærar sjølve kodane og tips til gjennomføring av kodekammeret.

Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Forslag til korleis kodekammeret kan setjast i kontekst i undervisninga og brukast som vurdering, finn du i ressursen "Kodekammer".

Om oppgåva

I denne interaktive oppgåva vil du lære meir om strategival i marknadsføringa av eit produkt. Du skal ta del i ei prosjektgruppe hos Kongsland mineralvannfabrikk, som skal forme ut marknadsstrategien for den nye drikken dykkar, Trøll. Her skal du gå inn i rolla som nytilsette Kim.

Instruksar

Les nøye gjennom instruksane nedanfor før du tek fatt på arbeidet i prosjektgruppa i rolla som nytilsette Kim. I kodekammeret skal du følge heile prosessen med å utvikle ein marknadsstrategi. Store delar av handlinga går føre seg i eit møterom der prosjektgruppa har møte.

Tidsbruk

Minimum 2 skuletimar

Førebuingar

Finn fram

  • pc

  • øyrepluggar

  • papir og penn

Organisering

Kodekammeret har eit variert innhald med mellom anna korte filmar, fagtekstar, bilete og interaktive oppgåver.

Alle visuelle og auditive element som har noko å seie for oppgåva, har eit tekstalternativ. Scenebeskrivinga i kvar scene inneheld viktig informasjon for dei som bruker skjermlesar.

Det er lagt til bakgrunnslydar i oppgåva, som bidreg til opplevinga av å vere i ulike situasjonar. Ikonet der du kan slå av og på desse lydane, er eit lite høgtalarikon nedst i venstre hjørne (for skjermlesar: "Play Audio Track").

Navigering

  • Gå inn på dei ulike plussikona i den talrekkefølga som er oppgitt på desse klikkpunkta. Hugs å gå inn på alle plussikon og informasjonsikon.

  • Når du skal ut av eit klikkpunkt, må du bruke tilbake-knappen (ikkje Esc-knappen, for den tek deg ut av fullskjermmodus).

Kodar

For å komme vidare til neste scene i kodekammeret må du skrive inn ein kode, anten eit tal eller eit relevant fagomgrep. Set deg inn i all tilgjengeleg informasjon i rommet du er i. På den måten vil du finne fram til rettesnorer, i form av tal eller bokstavar, som fører deg til rett kode. Skriv ned rettesnorene undervegs.

Kodekammeret

Klikk deg inn i kodekammeret og følg instruksjonane du får undervegs. Lykke til!

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 27.06.2025