Etikk i matvarebransjen

Oppgåve
Sjå NRK-dokumentaren "Farlig godt" nedanfor (lengde 59:49), og svar på oppgåva under.
Del 1: Produkt- og merkevarestrategi
Kva kjenneteiknar produkt- og merkevarestrategien til mange produsentar av ultraprosessert mat? Kom med konkrete døme frå dokumentaren. Tenk mellom anna på
utvikling av ulike produktseriar
bruk av tilsetjingsstoff, smakspanel og skanning av hjernen
utforming av produkt, til dømes konsistens, ingrediensar, innpakning og åtvaringsmerking
Er det etisk å framstille produkt ein kan bli avhengig av, eller som er usunne eller sjukdomsframkallande?
Korleis bør produkt- og merkevarestrategiar i matvarebransjen endrast for å bli etisk forsvarlege?
Del 2: Prisstrategi
Kva er den vanlegaste prisstrategien for ultraprosessert mat?
Korleis klarer produsentane å halde prisane på produkta nede?
Ser du etiske utfordringar med prisstrategiane som blir viste i dokumentaren? Grunngi svaret.
Korleis bør prissetjinga i matvarebransjen endrast for å tilfredsstille etiske krav?
Del 3: Distribusjonsstrategi
Kva er den vanlegaste distribusjonsstrategien for ultraprosessert mat?
Kva distribusjonsform og distribusjonsgrad er vanlegast?
Korleis påverkar distribusjonsforma utviklinga av produkta?
Kva etiske utfordringar kan distribusjonen av ultraprosessert mat skape?
Korleis bør distribusjonsstrategiar i matvarebransjen endrast for å bli etisk forsvarlege?
Del 4: Kommunikasjonsstrategi
Kva kjenneteiknar kommunikasjonsstrategiane som blir omtalte i dokumentaren? Gi konkrete døme.
Kva målgrupper finn vi i marknaden for ultraprosessert mat?
Korleis er kommunikasjonen tilpassa ulike målgrupper? Nemn døme.
I kva grad er kommunikasjonsstrategiane det blir fortalt om, etiske? Grunngi.
Kva bør gjerast for at kommunikasjonsstrategiar i matvarebransjen skal bli etisk forsvarlege?
Del 5: Heilskapleg marknadsstrategi
Vurder den heilskaplege marknadsstrategien for to av produkta som er omtalte i dokumentaren.
Kva endringar har det vore i bransjen dei siste 50 åra? Er det større etisk medvit i bransjen no enn før? Grunngi.
Kva grep tenker du må takast i matvarebransjen i åra som kjem?