Effektmåling av kantine-eksperiment

Oppdragsbeskriving
De skal jobbe saman i grupper, og kvar gruppe skal utarbeide ein marknadsføringskampanje som skal vare i ei veke. Etterpå skal effekten av kampanjane målast.
Del 1: Produktval og planlegging
Kvar gruppe vel kvart sitt produkt frå kantina på skulen.
Ta kontakt med kantina og spør om de kan bruke utvalde produkt til eksperimentet.
Be om omsetningstal for produkta for ei vanleg veke.
Kvar gruppe skal lage innhald til ein marknadsføringskampanje som oppmodar til kjøp ved å framheve dei positive eigenskapane av produktet, som smak, kvalitet og oppleving.
Del 2: Innhaldsproduksjon og publisering
Kvar gruppe utarbeider kvar sin marknadsføringskampanje. Marknadsføringskampanjane skal køyrast i ei skuleveke. Sjå gjerne artikkelen "Planlegge ein enkel marknadsføringskampanje".
Ta bilete, spel inn videoar og skriv tekstar som beskriv dei gode erfaringane dykkar med produktet.
Bruk det de ha laga av bilete, videoar, tekstar og eventuelt andre kreative verkemiddel i utforminga av ein marknadsføringskampanje.
Før de publiserer noko, sjekk med kantina at innhaldet er godkjent.
Lag ein kampanjeplan for skuleveka: Kva skal publiserast i kva kanal på kva tidspunkt av kven?
Publiser innhald i samsvar med kampanjeplanen.
Del 3: Evaluering og effektmåling
Etter at kampanjeperioden er over, spør kantina om omsetningstal for den veka de køyrde marknadsføringskampanjen.
Analyser resultata og diskuter
kva produkt som fekk størst auke i omsetning
kva for faktorar de trur bidrog mest til auken i omsetninga. Var det val av produkt, utforminga av reklame eller val av sosiale medium-kanalar?