Etisk bruk av konkurransemidlar
Kva er etisk marknadsføring?
Etikk er læra om kva som er rett og gale, mens moral er å gjere det som er rett. Som marknadsførarar må vi derfor først setje oss inn i lover og regelverk og dessutan allmenn oppfatning av rett og gale, for deretter å gjere det som er rett. Verksemder må vise at dei har høg moral, gode verdiar og god marknadsføringsetikk.
Berekraft og samfunnsansvar er viktige verdiar, og verksemder som ikkje er opptekne av dette, kan bli sett på som uetiske. Verksemder som vil bli assosierte med etiske, gode verdiar må derfor vise at dei er opptekne av berekraft og samfunnsansvar.
Konkurransemidla – etiske betraktningar
Korleis kan vi bruke konkurransemidla på ein etisk måte? Etiske dilemma kan oppstå, og vi skal sjå på nokre etiske betraktningar knytte til produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon.
Produkt
Produkta vi skal tilby kundane, må ikkje bryte med norsk lov, dei bør vere berekraftige og tilfredsstille andre forventningar til etiske produkt.
Heile verdikjeda til eit produkt må vere etisk. Det vil seie at vi som verksemd må setje høge krav til leverandørkjeda for å sikre at all produksjon varetek menneskerettane, har tilfredsstillande arbeidsforhold og tek vare på miljøet.
Å velje miljøvennlege og slitesterke materiale i produksjonen, bidreg til å redusere avfall og forbruk av ressursar, mens tidlaust design fremmar langvarig bruk og reduserer behovet for hyppige utskiftingar.
Ein del emballasje er unødvendig og dermed overflødig og lite berekraftig. Annan emballasje vernar produktet og kan forlenge haldbarheita og bevare kvaliteten, til dømes på matvarer. Rett bruk av emballasje kan bidra til å redusere svinn.
Å bruke naturlege, sunne og trygge ingrediensar/materiale i produksjonen sikrar at produkta er mest mogleg trygge for både menneske og miljøet. Dette bidreg til å redusere eksponeringa for skadelege ingrediensar/kjemikal og kan fremme ein sunnare livsstil.
For å sikre oss at vi bruker konkurransemiddelet produkt på ein etisk måte, bør vi stille oss spørsmål som:
Er produktet produsert på ein berekraftig måte?
Er det bruk av formålstenlege/gode/sunne/slitesterke/miljøvennlege materiale/ingrediensar?
Er det brukt eit tidlaust design / slitesterke materiale i staden for design og materiale som fører til "bruk og kast"?
Er det bruk av formålstenleg emballasje?
Varetek produktet tryggleik?
Kan produktet påføre folk skade?
Kan produktet gi dårleg helse?
Diskuter
Sjå filmen frå NRK nedanfor (lengde 01:42) Er det meningen at tingene våre skal bli ødelagt?
Kvifor er det uetisk å produsere ting som går lett sund?
Pris
Prisen vi set på produktet vårt, må ikkje bryte med norsk lov, han bør vere berekraftig og tilfredsstille andre forventningar til etisk prising.
I samsvar med konkurranselova er det ikkje lov til å samarbeide om pris. Konkurransetilsynet overvaker ulike bransjar for avdekke moglege ulovlege prissamarbeid.
Villeiande marknadsføring er forboden i samsvar med marknadsføringslova, og her inngår òg villeiande handlingar knytte til pris. Det er eit krav om at prisane skal vere lett synlege og korrekte. Det skal òg oppgivast einingspris, slik at kundar kan samanlikne prisen på varer uavhengig av pakningsstorleik.
Prisopplysningsforskrifta regulerer mellom anna førpris som den lågaste prisen produktet har hatt dei 30 siste dagane. Forbrukartilsynet kan gi bøter til verksemder som bryt reglane på til dømes Black Friday. Å setje opp prisane 40 dagar før Black Friday for så å marknadsføre eit stort avslag på Black Friday er ikkje ulovleg, men kan likevel bli betrakta som uetisk.
Det blir òg rekna som uetisk å setje prisen på eit produkt lågare enn kostnadene, sidan dette kan presse konkurrentar ut av marknaden og dermed skade konkurransen i marknaden. I tillegg kan vi stille spørsmål om det er etisk rett å setje høgare pris på produktet i marknader der det er liten konkurranse enn der konkurransen er stor.
Distribusjon
Etisk distribusjon handlar mykje om berekraft og klimaavtrykk. Kor mykje transport inngår i verdikjeda, og kor miljøvennleg blir transporten utført?
Vi kan òg spørje oss om netthandel, med utsending av mange varer til privatpersonar, er berekraftig. Kva for tiltak kan gjere netthandel meir berekraftig?
For det første kan val av emballasje spele ei stor rolle. Ved å redusere og optimalisere emballasjen, og bruke meir gjenvinnbare og miljøvennlege materiale, kan vi redusere både avfall og utslepp. Å forbetre produktbeskrivingar og storleiksguidar kan vere eit tiltak for å minimere behovet for returar.
Vidare kan samkøyring av utkøyring av varer bidra til å redusere talet på køyretøy på vegane, noko som igjen reduserer utsleppa. Bevisst plassering av lager nærare kundane for å redusere transportavstandar kan òg vere aktuelt å vurdere. Til slutt kan meir miljøvennlege leveringsalternativ, som bruk av elkjøretøy eller sykkelbod for levering, vere eit viktig trinn mot ein meir berekraftig netthandel.
Å sikre personopplysningane til kunden inngår òg i etisk distribusjon. Spesielt ved netthandel får verksemder tilgang til mykje persondata knytt til distribusjonen, som må behandlast på ein forsvarleg måte. Det er viktig å sikre at ikkje personopplysningar kjem på avvegar.
Diskuter
Les artikkelen "Miljømerka torsk vert send tur-retur Kina–Noreg for filetering" på NRK.
Kor etisk er det å sende norsk torsk tur-retur Kina for filetering?
Marknadskommunikasjon
Marknadskommunikasjonen må ikkje bryte med norsk lov eller med allmenn oppfatning av god etikk. Dette kan vere ein vanskeleg balansegang, sidan vi ønsker at marknadskommunikasjonen vår skal få merksemd. Nokre verksemder opererer derfor på grensa av kva som er etisk i marknadskommunikasjonen sin.
For å sikre oss at vi bruker konkurransemiddelet marknadskommunikasjon på ein etisk måte, bør vi stille oss spørsmål som:
Er marknadskommunikasjonen sannferdig?
Har produktet dei eigenskapane, funksjonane og kvalitetane som er presenterte som produktløfte i marknadskommunikasjonen?
Informerer vi om "alle" sider ved produktet, eller er det nokon informasjon som er utelaten?
Driv vi med grønvasking?
Er noko av marknadsføringa vår villeiande?
Har vi manipulerande marknadsføring?
Følger vi reglane for influensarmarknadsføring?
Merkar vi reklame rett?
Følger vi etiske prinsipp knytte til persondata og målretta marknadsføring?
Diskuter
Døme på reklame som grensar til å vere uetisk.
Korleis arbeide med etikk i verksemda?
Korleis skal vi lykkast med å vere ei etisk verksemd? For det første er det viktig å definere kva for nokon etiske verdiar verksemda skal ha. Dette må vere verdiar som alle tilsette har eit eigarforhold til, og som gjerne blir integrerte i tilsetjingsprosessen.
Leiinga i verksemda må vere gode førebilete og jobbe for å skape ein god arbeidskultur. Det må vere rutinar for å melde frå om når vi som tilsette oppdagar avvik frå verdiane for verksemda.
Ved utarbeiding av marknadsstrategi må vi balansere konkurransedyktige strategiar med dei etiske verdiane som verksemda har definert som viktige. Verksemda må kontinuerleg vurdere om det er etiske problemstillingar knytte til korleis konkurransemidla blir brukte. I tillegg er det essensielt å følge lover og reglar, vere opptekne av berekraft og samfunnsansvar og generelt vise god marknadsføringsetikk. Ved å gjere dette kan verksemda unngå marknadsstrategiske val som kan skade omdømmet.
Film om etiske betraktningar i utarbeiding av ein marknadsstrategi
I animasjonsfilmen nedanfor (lengde 5:58) kan du følge Adrian som vil starte ein klesbutikk, og kva for nokon etiske vurderingar han gjer i utarbeiding av marknadsstrategien.
Diskuter
Kan eit klesmerke vere etisk og berekraftig?
Kva for nokon etiske betraktningar gjer Adrian seg rundt produksjonen av kleda?
Kva siktar ein til med klimaavtrykket til distribusjonen?
Korleis kan distribusjon blir meir berekraftig?
Kva siktar ein til med sannferdig marknadskommunikasjon?