Openheitslova - Marknadsføring og leiing 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Openheitslova

Krava til openheit og ansvarlegheit for store verksemder har blitt strengare etter at openheitslova tredde i kraft. Målet er at lova skal bidra til å førebygge menneskerettsbrot og uanstendige arbeidsforhold.


Kva er openheitslova?

1. juli 2022 fekk vi ei ny lov i Noreg: openheitslova. Openheitslova skal sørge for at organisasjonar og bedrifter speler med opne kort om korleis dei driv verksemda si. Den fulle tittelen på lova er "lov om virksomheters og arbeid med grunnleggende og ".

Lova skal sørge for at grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold blir tekne vare på. Ho blir derfor òg kalla menneskerettslova for næringslivet.

Kvifor har vi fått openheitslova?

Samfunnet har lenge stilt forventningar til næringslivet om å drive sosialt berekraftig. Det vil seie at drifta deira ikkje skal ha negative konsekvensar for arbeidsforhold og menneskerettar.

Avgrensa innsyn i drifta for verksemdene – og mangel på konsekvensar av å ikkje leve opp til forventningane i samfunnet – har ført til at mange verksemder likevel ikkje har prioritert sosial berekraft. Mange organisasjonar har derfor meint at det er nødvendig å lovfeste desse forventningane.

Ved omtale av sosial berekraft i klesbransjen har det vore fokus på arbeidsforholda til tekstilarbeidarane. I bilbransjen og mobilbransjen er det utfordringane knytte til produksjonen av batteri som har vore mest belyste.

Sjå og tenk over

I den korte filmen under diskuterer tre venninner utfordringar og moglegheiter ved å ta berekraftige val. Kva tenker du om diskusjonen deira?

Kva veit du om arbeidsforholda til gruvearbeidarane som vinn ut metallet til mobiltelefonen din, og korleis påverkar det deg når du skal velje mobiltelefon? Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Internasjonale menneskerettar og openheitslova

24. april 2013 kollapsa bygninga Rana Plaza i Bangladesh, der fire tekstilfabrikkar heldt til. I ulykka døydde 1138 arbeidarar, og ho førte til auka internasjonalt fokus på tryggleiken til arbeidarar på tekstilfabrikkar. Etter kvart blei det sett meir søkelys på tryggleiken til arbeidarane, spesielt for bransjar som inngår i leverandørkjedene til vestlege verksemder.

Til dømes har Amnesty's rapport om migrantarbeidarar – som bygde anlegga til fotball-VM i Qatar – bidrege til internasjonal merksemd omkring anstendige arbeidsforhold i anleggsbransjen.

1. juli 2022 tredde "lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold" (openheitslova) i kraft. Lova tek utgangspunkt i FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) og OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap.

Tenk over

  • Korleis kan ei ny norsk lov ha bakgrunn i internasjonale forhold?

  • På kva måtar kan tekstilfabrikkar i Bangladesh og fotball-VM i Qatar gjelde norske verksemder?

§ 1 Lovens formål

Loven skal fremme virksomheters respekt for grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold i forbindelse med produksjon av varer og levering av tjenester, og sikre allmennheten tilgang til informasjon om hvordan virksomheter håndterer negative konsekvenser for grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold.

Kven er omfatta av lova?

Alle store norske og utanlandske verksemder som blir omfatta av rekneskapslova § 1-5 og tilbyr produkt i Noreg, må følge lova. Om lag 9 000 norske verksemder vil bli omfatta av lova, og i tillegg vil leverandørane og underleverandørane deira bli ramma.

Lova gjeld først og fremst for næringsverksemd og omfattar ikkje kommunar og statlege verksemder som ikkje er rekneskapspliktige etter rekneskapslova.

Openheitslova gjeld for alle dei store verksemdene vi handlar med, som til dømes H&M, Cubus, Bikbok, Rema, IKEA, Apple, Tesla, Tibber og DNB. Også store verksemder med høg statleg eigardel, som Equinor, blir omfatta av openheitslova.

Definisjon av ei stor verksemd

Verksemder som er rekneskapspliktige etter rekneskapslova § 1-5, og som oppfyller minst to av dei tre krava nedanfor, blir rekna som store verksemder og er dermed omfatta av lova:

  • salsinntekt på over 70 millionar kroner

  • balansesum på over 35 millionar kroner

  • over 50 årsverk

Pliktene til verksemder i samsvar med lova

Med openheitslova må verksemder konkretisere og dokumentere kva dei gjer knytt til sosial berekraft. Dette krev god innsikt i eiga verdikjede.

Kartleggingsplikt

Kartleggingsplikta blir i lova omtalt som plikt til å utføre aktsomhetsvurderinger. Det vil seie at verksemder skal kartlegge korleis verksemda sjølv påverkar menneskerettar og arbeidsforhold, men òg kva påverknad leverandørane og samarbeidspartnarane deira har.

Dei store kjedene i Noreg, som sel til dømes klede eller møbel, har no ei plikt til å kartlegge heile verdikjeda si – heilt ned til arbeidsforholda til dei som lagar kleda eller møbla.

Kartlegginga består i å identifisere og handtere risiko for menneskerettsbrot. Dette er ein kontinuerleg prosess med fokus på å førebygge skade på menneske, miljø og samfunn.

Menneskerettar omfattar òg urfolk sin rett til kulturutøving. Utbygging av vindkraftanlegga på Fosenhalvøya er eit døme på brot på desse menneskerettane. Grunnen er at anlegget vil ha negative konsekvensar for reindrifta til samar. Verksemder i Noreg må i aktsemdvurderingane sine dermed òg kartlegge eventuelle negative konsekvensar for kulturutøvinga til samane.

Rapporteringsplikt

Verksemder er etter openheitslova pliktige til å offentleggjere ei forklaring for aktsemdvurderingane sine innan 30. juni kvart år. Rapporten skal innehalde

  • organiseringa for verksemda, driftsområde, retningslinjer og rutinar

  • opplysningar om negative konsekvensar og vesentleg risiko

  • tiltak som verksemda har sett i verk eller planlegg å setje i verk og resultat eller forventa resultat av desse

Informasjonsplikt

Verksemder som blir omfatta av openheitslova, er pliktige til å gi ut informasjon om korleis dei handterer faktiske eller moglege negative konsekvensar dei har for menneskerettar og arbeidsforhold.

Vi kan derfor alle – ved ein skriftleg førespurnad – be om informasjon frå aktuelle verksemder. Svarfristen er etter lova sett til 3 veker.

Lurer du til dømes på korleis kobolt, som er brukt i batteriet på iPhonen din, er utvunnen, kan du sende ein skriftleg førespurnad til Apple Noreg og be om svar.

Kva med arbeidsforholda i Noreg? I fleire bransjar har det blitt vanleg å bruke gjestearbeidarar. Desse har ikkje alltid blitt tilbodne anstendige arbeidsforhold. Med openheitslova er det ikkje berre verksemda som har tilsett gjestearbeidarane som må stå til ansvar, men alle som har dei i verdikjeda si.

Openheitslova gjer det enklare for oss som forbrukarar å ta informerte val. Med åtferda vår kan vi vere med på å påverke verksemder i riktig retning med omsyn til menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Korleis jobbe med openheitslova?

Verksemder har lenge arbeidd med sosial berekraft, så mange har allereie rutinar for liknande arbeid. Likevel blir det med openheitslova krav om meir systematisk arbeid med grundige aktsemdvurderingar. Det krev eit system med risikovurdering og betre måling av effektane av tiltak som blir sette i verk.

For å kunne følge krava i openheitslova er det viktig å

  • ha gode etiske retningslinjer, som òg gjeld leverandørar

  • jobbe kontinuerleg med oppfølging

  • ha gode rutinar for innsyn

Prinsippa i openheitslova må vere ein del av verksemdskulturen og godt forankra i leiinga. Verksemder må utarbeide klarare definerte roller og ansvarsområde. Det er eit krevjande, men svært viktig arbeid, der Noreg no kan vere i front med å fremme menneskerettar i næringslivet.

Arbeidet med openheitslova, døme

IKEA: IKEA om menneskerettigheter og gode arbeidsforhold

VG: Informasjon om Schibsteds arbeid med menneskerettigheter og sømmelige arbeidsforhold

DNB: Menneskerettigheter

Lova blir følgd opp av Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet er tildelt oppgåva med å rettleie om og føre tilsyn med openheitslova. Forbrukartilsynet skal gi verksemder generelle opplysningar, råd og rettleiing i arbeidet med å følge reglane i lova. På nettsidene til Forbrukartilsynet finn vi derfor god informasjon og ulike rettleiingar i arbeidet med openheitslova.

Kva skjer med verksemder som ikkje følger openheitslova?

Forbrukartilsynet vil gå i dialog med verksemder som ikkje overheld lova. Dei har òg høve til å gi ut tvangsmulkter eller brotsgebyr.

Tenk over

  • Korleis trur du norsk næringsliv vil forandre seg som følge av openheitslova?

  • Korleis vil lova påverke forbrukarmakta?

Kjelder

Openheitslova. (2022). Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (LOV-2021-06-18-99). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2021-06-18-99

Forbrukartilsynet. (2022, 31. august). Openheitslova: Informasjonsside. https://www.forbrukertilsynet.no/apenhetsloven

Framtiden i våre hender. Openheitslova: Informasjonsside.
https://www.framtiden.no/apenhetsloven.html

Etikkinformasjonsutvalget. (2019). Åpenhet om leverandørkjeder (Q-1251 B). Barne- og familiedepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/d79463fe215046b1b6d70deee28870b3/apenhet-om-leverandorkjeder---endelig-rapport-fra-etikkinformsjonsutvalget-pdf.pdf

Amnesty International. (2022). FIFA bør matche VM-prispengene for å kompensere for utnyttede migrantarbeidere. https://amnesty.no/fifa-bor-matche-vm-prispengene-kompensere-utnyttede-migrantarbeidere

Ballovara, M. (2021, 12. desember). Forventer at staten beklager brudd på menneskerettigheter. NRK. https://www.nrk.no/sapmi/fosen-saken_-forventer-at-staten-beklager-brudd-pa-menneskerettigheter-etter-dom-fra-hoyesterett-1.15765749

Aftenposten. (2022, 21. juli). Informasjon om Schibsteds arbeid med menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold https://www.aftenposten.no/digital/i/k67rdk/aapenhetsloven

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Sosial berekraft og openheitslova

Undersøk om eit produkt er sosialt berekraftig. Kartlegg verdikjeda med omsyn til arbeidsforhold og grunnleggande menneskerettar.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2023