Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Marknadsstrategi

Oppgåve
Video

Hotellmeisterskapen

Kven klarer å bygge opp det beste hotellkonseptet? Som lag skal de kvar veke konkurrere i jakta på ei hotellstjerne. I finaleveka går gruppa med flest stjerner av med sigeren. Lykke til! ⭐⭐⭐⭐⭐

Velkommen til Hotellmeisterskapen!

Film: Hotellmesterskapet

Start med å sjå introduksjonsvideoen nedanfor (lengde 0:46).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

No skal de konkurrere i grupper i fem veker om å skape den beste marknadsstrategien for det nye og unike hotellet dykkar. Kvar veke er det ein ny konkurranse der vinnarlaget får med seg ei stjerne inn i finaleveka. I finaleveka skal ytterlegare fem stjerner delast ut, og hotellet som har fått flest stjerner totalt, vinn!

Veke 1 – Merkevarestrategi

Film: Merkevarestrategi

Kva skal skje denne veka? Sjå filmen nedanfor (lengde 0:58).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppdrag

Det første oppdraget går ut på å utvikle konseptet for det nye hotellet, der de må bestemme dykk for

  • kva som skal vere spesielt for hotellet

  • kven som er målgruppa

  • korleis de skal bygge merkevara (namn på hotellet, logo, slagord m.m.)

Pitch

Målgruppe:

  • potensielle investorar

Tidsramme:

  • maks 5 minutt

Innhald:

  • presentasjon av merkevarestrategien for hotellet

  • grunngiving for vala de har teke

Bedømmingskriterium

  • totalkonseptet

  • kreativitet og visuell utforming

  • berekraft og innovasjon

Veke 2 – Distribusjonsstrategi

Film: Distribusjonsstrategi

Kva skal skje denne veka? Sjå filmen nedanfor (lengde 0:59).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppdrag

Oppdraget går ut på å få innpass i ei hotellkjede. De vel sjølv kva kjede som passar hotellet dykkar best.

Pitch

Målgruppe:

  • styret i den valde hotellkjeda

Tidsramme:

  • maks 5 minutt

Innhald:

  • kvifor de vil inn i ei kjede

  • kva de kan tilføre nettopp denne kjeda

Bedømmingskriterium

  • argumenta

  • framføringa

  • heilskapsvurdering av pitchen

Veke 3 – Prisstrategi

Film: Markedsundersøkelse

Kva skal skje denne veka? Sjå filmen nedanfor (lengde 0:59).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppdrag

Oppdraget denne veka er å bestemme pris på ein døgnpakke på hotellet, i tråd med konseptet de valde i veke 1.

I arbeidet med å bestemme pris skal de utarbeide og gjennomføre ei marknadsundersøking, og dessutan utarbeide relevante argument for prisen de vel. Hugs å ta utgangspunkt i målgruppa de valde i veke 1.

Lever svaret for oppdraget inn skriftleg, og utform det som om det var til økonomiansvarleg i kjeda de skal inn i.

Vurderingskriterium

  • kvaliteten på marknadsundersøkinga, utforminga og gjennomføringa

  • argumentasjon for prissetjing, inklusive lønnsemdsvurderingar

Veke 4 – Kommunikasjonsstrategi

Film: Kommunikasjonsstrategi

Kva skal skje denne veka? Sjå filmen nedanfor (lengde 0:58).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppdrag

Lag den beste reklamekampanjen. Kampanjen må tilpassast valt målgruppe, både i utforming og val av kommunikasjonskanalar.

Presentasjon av reklamekampanjen

Målgruppe:

  • eit utval frå den aktuelle målgruppa til reklamekampanjen

Tidsramme:

  • maks 5 minutt

Innhald:

  • smakebitar frå reklamekampanjen

  • grunngiving for val som er gjort

Vurderingskriterium

  • kreativitet

  • utforming av bodskap

  • sjølve reklamen

  • forventa effekt på vald målgruppe

  • kost/nytte

Finaleveka – Marknadsstrategi

Film: Hotellmesterskapet finale

Kva skal skje denne veka? Sjå filmen nedanfor (lengde 1:12).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Finaleoppdraget

  • Utarbeid ein heilskapleg marknadsstrategi for hotellet.

Tips:

  • Ta utgangspunkt i det de har gjort i dei andre vekene.

  • Bruk innspela de fekk i dei andre vekene.

Presentasjon

Målgruppe:

  • heile klassen

Tidsramme:

  • maks 5 minutt

Innhald:

  • den heilskaplege marknadsstrategien til hotellet

Vurderingskategoriar

  • berekraft

  • engasjement

  • kreativitet og innovasjon

  • lønnsemd

  • heilskap og struktur

Kåring

  • Kvar elev stemmer på sin favoritt under kvar kategori. (Det er ikkje lov å stemme på si eiga gruppe).

  • Gruppa med flest stemmer på ein vurderingskategori får ei stjerne. Til saman blir det delt ut fem stjerner i finaleveka.

  • Summer opp talet på stjerner kvar gruppe har fått gjennom alle vekene. Gruppa med flest stjerner har vunne!

Tips til læraren

Anbefalt tidsramme:

  • 1–3 timar i veka i 5 veker

Forslag til lærarroller:

  • Del 2 – potensiell investor

  • Del 3 –styreleiar i den valde kjeda

  • Del 4 – økonomiansvarleg i den valde kjeda

  • Del 5 – representant for den valde målgruppa

Opplegget er tenkt som repetisjon og kan til dømes brukast

  • over 5 veker på slutten av skuleåret

  • spreidd gjennom skuleåret knytt opp mot undervisning av dei ulike emna

  • på fagdagar

  • som eit tverrfagleg prosjekt, med til dømes norsk

Skrive av Tone Hadler-Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.02.2026