Kor etisk er russebransjen?

Oppgåve 1
Les innlegget "Møtet med Russedress overraska. Her er grunnene til at vi ikke signerte avtalen som stod i Aftenposten 9. mai 2022.
Diskuter i kva grad konkurransemidla blir brukte etisk forsvarleg i russebransjen:
produkt- og merkevarestrategi
prisstrategi
distribusjonsstrategi
kommunikasjonsstrategi
Oppgåve 2
Ta utgangspunkt i eigne erfaringar og det du har høyrt frå andre eller sett i media, og diskuter etisk bruk av konkurransemiddel. Ta for deg eitt eller fleire av punkta nedanfor:
kjøpepress i russetida
kjøp av russelåter
kjøp av russebuss
reklamekampanjar for russeeffektar
distribusjon av russeeffektar
Oppgåve 3
Sjå filmklippet nedanfor (lengde 4:53) med forfattar og journalist Ivar Brandvol.
Gjer greie for kva han meiner er problematisk og/eller uetisk ved måten russebransjen bruker konkurransemidla på.
Kva råd har han til elevane?
Oppgåve 4
Diskuter:
Kva bør russebransjen gjere for å sikre at dei bruker konkurransemidla på ein etisk forsvarleg måte?
Kva kan russen sjølv gjere for unngå å bli utnytta av kommersielle aktørar?
Kva bør styresmaktene gjere for å sikre ein etisk forsvarleg russebransje?