Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Marknadsstrategi

Oppgåve

Skriv fagartikkel om marknadsstrategiar

I denne oppgåva skal du skrive ein fagartikkel der du drøftar heilskapleg marknadsstrategi og etisk bruk av konkurransemidlar til ei sjølvvald verksemd.

Tips til skriving av fagartiklar

I ein fagartikkel skal du drøfte, bruke relevant fagstoff og skrive akademisk. Det er òg viktig å grunngi påstandar ved å vise til pålitelege kjelder.

Å kunne drøfte – sjå ei sak frå fleire sider – er nyttig. Du må vise at du kan sjå vesentlege argument både for og imot ei sak, og at du kan vurdere dei kritisk. På denne måten vil du kunne få fram og grunngi kva du meiner om ei sak på ein nyansert og sakleg måte.

Tips til oppbygging av fagartikkelen

Overskrift

Overskrifta skal lokke til seg lesarar og gi ein klar idé om kva fagartikkelen handlar om.

Innleiing

Innleiinga skal vekke interesse. Det kan vere lurt å vente med å skrive innleiinga til du har skrive heile – eller store delar – av hovuddelen.

Du kan eksempelvis starte med ein kort introduksjon av temaet for fagartikkelen. Å starte med eit dagsaktuelt døme kan òg vere ein effektiv måte å vekke interesse og relevans i innleiinga.

Hovuddel

Start kvart avsnitt med ei temasetning som beskriv kva avsnittet skal handle om. Avsnittet skal berre handle om det temasetninga seier. I tillegg til temasetninga skal avsnittet innehalde kommentarsetningar og ei avslutning:

  • Kommentarsetningane skal gi meir detaljert og utfyllande informasjon. Det er fint å ha med konkrete døme.

  • Avslutninga i avsnittet kan til dømes vere formulert som ei kort oppsummering eller ein konklusjon.

Ver bevisst på å bruke aktuelle fagomgrep, drøfte, sjå samanhengar og bruke relevante døme knytte til den aktuelle tematikken.

Avslutning

Avslutninga skal runde av, samanfatte, skape rom for refleksjon og/eller konkludere.

Kjelder

I slutten av fagartikkelen skal du oppgi kjelder. For å få med alle kjeldene er det lurt å notere desse undervegs. Kjeldene skal førast opp etter retningslinjer i Kildekompasset.

Skriveoppgåve

  • Skriv ein fagartikkel der du drøfter marknadsstrategien til ei sjølvvald verksemd.

  • Ta utgangspunkt i

    • informasjon du veit om verksemda frå før

    • relevant informasjon du finn ved søk

    Ta eigne føresetnader der det er nødvendig.

  • I fagartikkelen skal du både omtale og drøfte val verksemda har gjort knytte til

    • merkevarestrategi

    • distribusjonsstrategi

    • prisstrategi

    • kommunikasjonsstrategi

    • marknadsmiks og heilskapleg marknadsstrategi

    • etisk bruk av konkurransemidla

  • Bruk relevante fagomgrep, jobb med å skape ein god struktur og bruk formålstenlege kjelder.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.02.2026