Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Waste Land

I den prislønte dokumentaren Waste Land dreg kunstnar Vik Muniz til verdas største søppelfylling for å lage kunst av det same søppelet som søppelplukkarane her plukkar til dagleg. Resultatet er ikkje berre vakre portrett, men vi blir også kjend med dei vakre menneska bak portretta.

Kunstprosjektet

Den berømte brasilianske kunstnaren Vik Muniz har sjølv teke stega frå fattigdom til suksess, og no ønskjer han å gi noko tilbake. Han vel å fotografere og lønne folk som arbeider under dei verst tenkjelege forholda på søppelfyllinga Jardim Gramacho, utanfor Rio de Janeiro.

Inntektene som prosjektet hans genererer, skal gå attende til arbeidarane, eller "Catadores" som dei blir kalla i Brasil. Vi får høyre arbeidarane sine historier og ser korleis portretta til Vik blir gjorde om frå enkle fotografi til gedigne og vakre collagar med det same søppelet som arbeidarane sjølv har plukka. Resultatet er både eineståande og ikkje minst oppløftande.

Jardim Gramacho

Det enorme og illeluktande søppelberget på Jardim Gramacho er eit tankevekkjande bilete på forbrukssamfunnet vårt. Dette var, inntil fyllinga blei stengd etter innspelinga av Waste Land i 2012, verdas største søppelfylling. Over 900 lastebilar og opptil ni tusen tonn med søppel blei kasta kvar einaste dag.

Nærmare to tusen arbeidarar jobba dagleg med å plukke og sortere resirkulerbart søppel. Søppelfyllinga stengde til slutt etter at giftige lekkasjar skal ha strøymt rett ut i havet. Alle arbeidarane skal ha fått utbetalt ein eingongssum for at dei mista jobben.

Blikket for enkeltmennesket

Sjølv om Waste Land på mange måtar er ein film om eit formidabelt kunstprosjekt, er likevel styrken til filmen at han i like stor grad handlar om menneska som er med i filmen. Filmen viser ikkje berre mange tragiske skjebnar, men han viser også det harde arbeidet til folk, verdigheita deira og ikkje minst korleis dei utviklar seg positivt i takt med kunstprosjektet.

Waste Land har vunne nærmare 30 prisar på ulike filmfestivalar rundt om i verda, ikkje minst blei filmen nominert til Oscar for beste dokumentar i 2011.

Relatert innhald

Dokumentarfilmen Waste Land tek opp fleire etiske problemstillingar. I desse oppgåvene skal du drøfte somme av dei etiske dilemmaa filmen reiser.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Miljø