Fashion Reimagined - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Fashion Reimagined

Fashion Reimagined handlar om den britiske klesdesignaren Amy Powney. Amy er oppteken av å gjere motebransjen grønare og av korleis vi kan produsere klede utan å bidra til å øydelegge miljøet. Tematisk passar filmen godt inn i det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling.

Filmdetaljar

  • År: 2022

  • Varigheit: 1 time og 40 minutt

  • Regi: Becky Hutner

  • Medverkande: Amy Powney

  • Opphavsland: Storbritannia, USA

Om filmen

Fashion Reimagined er ein dokumentar om klesdesignaren Amy Powney, som er sjefsdesignar for det britiske luksusmerket Mother of Pearl. Filmen er regissør Becky Hutners første heilaftans dokumentar.

Amy er ingen stereotypisk klesdesignar. Ho kjem frå ein familie av miljøvernarar og er oppteken av at kleda ho skaper, skal vere produserte på ein miljøvennleg måte. Ho har aldri følt at ho passar heilt inn i Londons moteverd, men samtidig blir ho hylla av bransjen.

Filmen handlar i hovudtrekk om det er mogleg for enkeltmenneske å utgjere ein positiv forskjell i den svært uetiske og forureina motebransjen, som òg er kjend for å utnytte billeg arbeidskraft. Er det mogleg å produsere klede på ein berekraftig og grøn måte?

Grøn klesproduksjon

Det blir produsert enorme mengder klede i verda kvart einaste år, og klesbransjen etterlet seg store mengder med avfall. Moteindustrien er altså ein miljøversting som set eit altfor stort klimaavtrykk på planeten vår.

Inspirert av å ha vakse opp blant miljøvernarar og av bøker som Ingen Logo av Naomi Klein, stiller Amy strenge krav til korleis materiala kleda blir sydde av, er skaffa til vegar. Ho er òg oppteken av å jamne ut dei sosiale forskjellane innanfor klesproduksjon og ønsker at arbeidsforholda til dei som syr kleda, skal vere gode og rettferdige.

Filmen eignar seg godt i kunst, design og handverksfag, og han kan tematisk vere ein relevant ressurs i arbeidet med det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling.

Skrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.04.2024