Kort om mikroplast - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Kort om mikroplast

Ei av dei største miljøutfordringane i vår tid er all plasten som hamnar i havet. Når plasten blir broten ned, blir han til små partiklar som kallast mikroplast.

Om filmen

Denne svenske undervisningsfilmen går rett i kjernen på det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling. Filmen forklarer korleis plasten vi kastar på gata blir ført ut i havet, og blir til den globale katastrofen vi no ser ute på verdshava.

Vi finn stadig oftare lighterar, tannbørstar og anna plastmateriale i buken på døde dyr som lever nær havet. Plast i havet blir også brote ned og blir til mikroplast. Mikroplast er små plastbitar som er mindre enn fem millimeter.

Mikroplasten kan bli eten av fisk som trur det er plankton. Når vi menneske så et fisken, får vi også i oss mikroplast. Forskarane veit førebels ikkje kor skadeleg dette kan vere for kroppen.


Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 15.01.2020