Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Gunda

I dokumentarfilmen Gunda blir vi kjende med ein gris som nettopp har fått grisungar. Filmen minner oss på at livet er verdifullt for både menneske og dyr. Filmen er laga av eit stjernelag av filmskaparar og har mellom anna med seg Joaquin Phoenix som eksekutiv produsent.

Om filmen

Dokumentarfilmen følger grisen Gunda i tida etter at ho har fått ungar. Grisungane drikk mjølk frå Gunda, og det er kamp mellom ungane om å få i seg mest næring. Ikkje alle ungane er like sterke. Ein av dei blir liggande nede i høyet og verkar svak.

Grisungane veks og blir større, og etter kvart blir dei med Gunda ut på tunet. Her leikar dei saman og grev rundt i gjørma med snuten. Kvardagen til den vesle grisefamilien verkar både fredfull og idyllisk. Det er òg andre dyr på garden, mellom anna ei høne med eitt bein og nokre kyr.

Ein dag kjem ein stor traktor og tek med seg alle grisungane frå grisebingen. Gunda blir gåande igjen åleine og leite etter dei.

Frå perspektivet til dyra

Det observerande kameraet er nært på dyra. Vi får presentert den dvelande kvardagen til Gunda og dei andre dyra gjennom perspektiva deira.

Gjennom dette perspektivet løftar filmen aktuelle problemstillingar knytte til dyrevelferd, dyrs kjensleliv og kva som eigentleg skil menneske og dyr.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Miljø