Smaken av hund - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Smaken av hund

Dokumentarfilm som prøver å finne ut av korleis norsk matvareproduksjon eigentleg foregår. Kva er mytar, og kva er fakta? Han undersøker om produksjonen er så etisk, kortreist og miljøvennleg som vi trur han er.

Om filmen

Norske matvarer og matprodusentar har i mange år hatt høg tillit i befolkninga. Norske matvarer har blitt framstilt som reine, sunne, norske og ikkje minst miljøvennlege, og vi som forbrukarar har trudd på dette.

I Smaken av hund får vi eit heilt anna bilete av maten vi et. Vi ser til tider forstyrrande bilete av korleis dyra blir behandla i det industrialiserte landbruket. Dette er ein sterk kontrast til det biletet produsentane ønskjer at vi skal sjå for oss: lykkelege dyr som beitar på vakre småskala-gardar, som om dei er tatt rett ut av eit bilete frå nasjonalromantikken.

Norske Michael Moore-regissørar?

Regissørane bak Smaken av hund tar i bruk mange av teknikkane til den kjente amerikanske filmskaparen Michael Moore. Retorikken er rå, satirisk og kontroversiell. Det blir kryssklipt i musikk, intervju og bilete for å få fram poenget i filmen. Det blir til dømes klipt mellom tusenvis av dødsdømte høns på veg mot klørne av ein skurtreskar, mens vi i bakgrunnen høyrer vakker fiolinmusikk og Dronning Sonja som snakkar om romantikken i norsk landbruk.

Michael Moore er en av dei mest kjente dokumentaristane i verda. Han står bak prislønte filmar som Fahrenheit 9/11 (2004), Fahrenheit 11/9 (2018), Sicko (2007) og Bowling for Columbine (2002). Sistnemnde film vant blant anna ein Oscar for beste dokumentar.

Kontroversiell

Fritt Ord støtta i sin tid Smaken av hund med ein million kroner. Filmen var planlagd vist både på NRK og TV2, men begge TV-kanalane valde etter kvart å droppe filmen, blant anna grunna regissørane sin bruk av skjulte opptak. Filmen blei derfor berre vist på kino.

Etter premieren i 2006 uttalte matvareprodusentane Gilde, Prior, Tine og Felleskjøpet at dokumentarfilmen var motbydeleg, spekulativ og suspekt.

Er filmen aktuell i dag?

Matdebatten har dei siste åra tatt ein ny retning. Vi forbrukarar spør oftare kva det industrialiserte landbruket gjer med råvarer, klima og biologisk mangfald. Smaken av hund problematiserer blant anna at regnskogen i Amazonas forsvinn fordi norske matprodusentar importerer brasiliansk soya til kraftforet sitt. Sjølv om prosentandelen importert soya har gått noko ned sidan 2006, har ikkje kritikken mot importert soya i norsk kraftfor stilna med åra.

Industrimaten er ikkje lenger like populær blant norske forbrukarar. Delslandbruk og aktivitetar som fremjar kortreist mat, slik som til dømes Bondens marknad, er døme på dette.

Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022