Kortfilm
The Beauty
Denne korte animasjonsfilmen leikar med ideen om at plastsøppel blir ein naturleg del av livet i havet. Bileta er vakre, men bodskapen uhyggjeleg.
The Beauty er ein poetisk animasjonsfilm som tek oss med ned på havdjupet. Nede i havet går plast og natur i eitt, og landskapet er både vakkert og uhyggjeleg.
Mengder med strandsko bevegar seg som ein gigantisk fiskestim, fargerike sugerøyr gyngar som tong på havbotnen, og gjennomsiktige plastposar sym av garde som glasmaneter.
Filmen er laga av Pascal Schelbli, som ei oppgåve under utdanninga hans ved den tyske filmskulen Filmakademie Baden-Württemberg.