Fast Food Nation
Om filmen
Don Anderson er marknadssjef ved den amerikanske hurtigmatkjeda Mickey's. Ein dag blir Don kalla inn til eit møte med direktøren i selskapet. Han er bekymra. To engasjerte studentar har analysert innhaldet i burgarane og funne store mengder bakteriar. Det viser seg at kjøttet i burgarane er blanda med kumøkk.
Don blir send av garde til Colorado for å sjå kor kjøttet som burgarane er laga av, kjem frå. Han oppsøker kjøttfabrikken Uni-Global Meal Packing. Fabrikken har det nyaste innan teknologi, arbeidarane bruker hanskar og kvite frakkar, og det er rustfritt stål overalt. Don finn inga god forklaring på korleis kumøkka har blitt blanda med kjøttet.
Etter å ha snakka med ein kvegbonde som pleidde å levere kveg til fabrikken, bestemmer Don seg for å undersøke produksjonen nærare. Under overflata skjuler det seg eit fryktregime med illegale meksikanske arbeidarar som jobbar under elendige arbeidsforhold i slaktehallen.