Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Gállok – kampen om sameland

Eit gruveselskap planlegg å opne ei ny gruve i Gállok. Saka splittar lokalbefolkninga.

Om filmen

Gállok – kampen om sameland er ein svensk dokumentarfilm frå 2019 som er laga av filmskaparen Truls Andersen.

Filmen viser kva konsekvensar utbygging av gruver kan ha for natur og lokalsamfunn i Sverige og Sápmi.

Ein trussel mot naturen

Tor Lundberg og familien bur i Gállok i Nord-Sverige. Tor og familien kjøper aldri fisk, kjøt eller bær i butikken. Dei plukkar bæra sjølve, fiskar og går på jakt.

No ønskjer eit gruveselskap å opne ei ny jernmalmgruve i nærleiken, i eit område med urørt natur.

Samane har reinen sin i dette området, og gruvedrift vil vere katastrofalt for reindrifta. Gruvedrifta utgjer òg ein fare for dyreliv og fisk i området, som vil bli truga av forureininga frå gruvedrifta.

Nye arbeidsplassar?

Gállok er ein stad som har vore prega av fråflytting dei siste åra. Mange arbeidsplassar har gått tapt. Nokre i bygda ser på gruvedrifta som ei stor moglegheit for å skape nye arbeidsplassar for folk i Gállok.

Miljøaktivistar protesterer mot gruvedrifta, og gamle vener hamnar i konflikt med kvarandre.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 04.02.2022

Læringsressursar

Miljø