Hopp til innhald

Spelefilm

Creation

Det biografiske kostymedramaet Creation gir oss eit glimt av livet til Charles Darwin rett før han publiserte den banebrytande evolusjonsteorien sin i Artenes opprinnelse (On the Origin of Species). Filmen er regissert av Jon Amiel.

Om filmen

Charles Darwin sine teoriar om naturleg utval hadde ein enorm påverknad i samtida. Boka hans Artenes opprinnelse, som kom ut i 1859, var både oppsiktsvekkjande og omdiskutert. Artenes opprinnelse stod i sterk konflikt med dei religiøse overtydingane som dominerte på denne tida, og dette var òg noko av det som gjorde det vanskeleg for Darwin å gi ut boka.

I Creation møter vi Darwin i perioden der han forskar, testar ut hypotesar og skriv boka. Filmen trekkjer særleg fram privatlivet til Darwin.

I privatlivet har han fleire utfordringar som står i vegen for karrieren. Han har dårleg helse, og det gjer det i periodar vanskeleg for han å jobbe. Den svært religiøse kona hans er redd for at den vitskaplege tilnærminga hans til livet vil gjere at han ikkje kjem til himmelen når han døyr, og at dei dermed blir skilde frå kvarandre for alltid. Darwin blir òg støtt og stadig heimsøkt av den avdøde dotter si, Annie.

Inn i filmen

Creation inviterer til fleire interessante diskusjonar og refleksjonar. Han kan vere eit godt utgangspunkt for å nærme seg teoriane til Darwin og sjå på kva måte desse er aktuelle i dag.

Filmen opnar òg for refleksjon over kva påverknad vitskapen hadde på religiøse idear på 1800-talet.

I ein meir filmfagleg samanheng kan det vere interessant å sjå nærare på korleis filmen framstiller den aktuelle historiske tidsepoken, og kva for nokre filmatiske verkemiddel ein har brukt for å gjere dette.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Miljø