Hopp til innhald

Spelefilm

Kvinne på krigsstien (Kona fer í stríð)

Kvinne på krigsstien er ein islandsk spelefilm om kampen til ei kvinne mot kraftutbygging.

Om filmen

Kvinne på krigsstien handlar om Halla som har gått til i krig mot utbygging av kraftleidningar på det vakre islandske høglandet.

Halla er djupt engasjert i miljøvern, og ho bekymrar seg over dei store klimaendringane som verda står overfor. Ho ser inga anna moglegheit enn å stoppe inngrepet til smelteverket i den islandske naturen.

Miljøvern og aktivisme

Ho øydelegg kraftleidningar, gøymer seg for helikopter og dronar og har sekken full av avansert utstyr. Ingen veit kven ho er, og i islandske medium blir ho berre omtalt som Fjellkvinnen.

Sjølv om islandske styresmakter ser på dei stadige straumbrota hos smelteverket som organisert sabotasje og terror, så har ikkje Halla tenkt å slutte med miljø-aktivismen sin.

Kampen mot kraftleidningane tek ei ny vending då Halla plutseleg får moglegheita til å adoptere ei fire år gammal foreldrelaus jente frå Ukraina.

Filmmusikk

Musikk speler ei stor rolle i filmen. Musikken er med på å understreke ei stemning av å vere i krig. Særleg gjennom bruken av trommer og reveljar – ein type musikk som kanskje blir forbunde meir med storslagne krigsfilmar.

Eit anna morosamt musikalsk grep er korleis filmen i fleire scener har med musikarane i sjølve scena, til dømes den mannlege trioen og dei unge syngande kvinnene i nasjonaldrakt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 15.09.2020

Læringsressursar

Miljø