Hopp til innhald

Kortfilm

Nedbemanning

Nedbemanning er ein kortfilm frå regissør og manusforfattar Kristian Landmark. Handlinga er lagt til ei tid der alle som ønskjer å få eigne barn, må få godkjenning frå ei offentleg nemnd.

Om filmen

Det unge paret Olav og Maria lever i ei tenkt nær verkelegheit der det internasjonale samfunnet er blitt einige om at talet på menneske må reduserast.

Alle som ønskjer å bli biologiske foreldre, må søkje ei offentleg nemnd om å få lov til å få barn. Til si store overrasking får Olav og Maria avslag på søknaden sin.

Avgjerda er endeleg, og det er ingenting dei kan gjere. Dei er likevel ikkje klare til å gi opp sin store draum.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Miljø