Hopp til innhald

Fagstoff

Hovudaktivitetar i verdikjeda

Porters modell for verdikjedeanalyse kan du bruke til å kartleggje dei viktigaste oppgåvene i ei bedrift. Modellen skil mellom hovudaktivitetar og støtteaktivitetar. Her får du lære meir om hovudaktivitetar.

Fem hovudaktivitetar

Hovudaktivitetar eller primæraktivitetar er dei aktivitetane som er direkte retta mot produksjon og verdiskaping. I verdikjedemodellen er hovudaktivitetane fordelte på desse fem hovuddelane:

  1. Handtering av råvarer (inngåande logistikk)
  2. Bearbeiding/produksjon
  3. Levering (utgåande logistikk)
  4. Sal og marknadsføring
  5. Service og kundestøtte

Svaneke Røykeri

Sildefabrikkane på Bornholm er eit døme på at det kan skapast store verdiar ved å bearbeide ei ganske billig råvare. Svaneke Røykeri er eit av dei beste på øya. La oss sjå på kva som er dei typiske primæraktivitetane deira:

  1. Innkjøp, mottak, lagring og handtering av varer (inngåande logistikk)

    Å skaffe gode råvarer til riktig pris er viktig. Røykjeriet kan kjøpe sild direkte frå fiskebåtane eller via oppkjøparar. I tillegg til kvalitet og pris er leveringstid og mengde viktig. Det handlar også om å sørgje for effektivt mottak, i tillegg til riktig lagring og handtering av silda for å sørgje for best mogleg kvalitet på råvara.

  2. Bearbeiding/produksjon

    Det største bidraget til verdiskaping frå bedrifta si side er å røykje sild. Bedrifta røykjer sild og sel mesteparten i sitt eige utsal. Eit kilo sild av høgaste kvalitet kostar rundt 10 kroner i innkjøp. Eit kilo røykt sild kostar om lag 200 kroner på røykjeriet sitt eige utsal.

  3. Levering (utgåande logistikk): Røykjeriet sel produkta sine vidare til butikkar og fiskeseljarar. Dei har også sitt eige utsal. I leveringsfasen må dei sørgje for pakking, lagring og transport. Å ha riktige og gode varer tilgjengelege i sitt eige utsal er også viktig.

  4. Sal og marknadsføring

    Tidlegare kunne røykjeriet nøye seg med å bearbeide silda og selje henne vidare. No har dei sitt eige utsal, restaurant og konsertscene. Slik når dei mange ulike marknader, men dette har også ført til langt meir omfattande og kostnadskrevjande marknadsføring.

  5. Service og kundestøtte

    Då røykjeriet opna eige utsal og restaurant, fekk dei også fleire kundar som kravde service og oppfølging. Eit døme på det er kravet om opphavsmerking av alle produkt: Kundane ønskjer informasjon om kvar og korleis dei har fått tak i fisken.

Folk på uterestaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdikjedeanalyse

Om røykjeriet set i gang ein verdikjedeanalyse, vil dei mellom anna sjå på:

  • Kvar i verdikjeda dei bruker pengar
  • Korleis dei bruker pengar
  • Kvar i verdikjeda dei tener pengar
  • Korleis dei tener pengar
  • Om dei og samarbeidspartnarane begge tener på samarbeidett
  • Samanhengen mellom primær- og støtteaktivitetar

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling