Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn ein reportasje og ein nyheitsartikkel

Medan ein nyheitsartikkel går rett på sak og formidlar det som er kjernen i nyheita, gir reportasjen oss ei kjensle av å vere til stades. Journalisten skildrar miljø, personar og hendingar.
Kvinne leser avis
Opne bilete i eit nytt vindauge

I reportasjen er detaljane viktige. Du som les, skal kunne kjenne lukter, vere ein del av det miljøet som blir skildra, og sjå personane framfor deg. Det stiller krav om innleving, openheit og fantasi hos den som skriv. Innleiinga, eller ingressen, blir ofte brukt til å skape ei bestemt stemning.

Reportasjen kan ta utgangspunkt i ei aktuell nyheit, men han kan også ta opp andre aktuelle emne.

Oppgåve 1

Finn ein reportasje frå ei avis. Les reportasjen, og marker i teksten det som er typisk for ein reportasje. Sjå spesielt på følgjande:

  • Ingressen. Korleis blir temaet introdusert? Sett ingressen deg i ei bestemt stemning?
  • Miljø- og personskildringar ved hjelp av dei fem sansane (sjå, høyre, lukte osb.)
  • Kjensla av å vere til stades
  • Variasjon i lengde på avsnitt, meiningar og ordval
  • Historia som scener i ein film. Når begynner ei scene, og når begynner den neste?

Oppgåve 2

Finn deretter ein nyheitsartikkel og samanlikn han med reportasjen. Bruk skjemaet nedanfor:

Reportasje

Nyheitsartikkel

Ingress

Språk

Skildring

Tempo

Fokusering

Tekstlengde

Relatert innhald

Reportasjen er ein vanleg sjanger i aviser, tidsskrift, radio og på TV. Lær om verkemiddel i nyheitsreportasjar og feature-reportasjar.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk