Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor utan kontaktor (STI 2)

Den enklaste måten å starte ein asynkronmotor på er å bruke ein manuell motorvernbrytar.
Trefasa asynkronmotor med grøn farge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Enkel innføring i startmetoden

For å starte asynkronmotoren bruker vi eit motorvern med innebygd start/stopp-brytar. Vi koplar då opp berre hovudstraum i kretsen.

Komponentane i kretsen er sikring, motorvern og motor. Vi startar motoren ved hjelp av brytaren på motorvernet.

I industrien kan denne løysinga brukast når ein ikkje treng tilbakemelding frå styring av motoren. Løysinga kan til dømes brukast på enkle pumper og vifter som skal gå heile tida.

ARBEIDSOPPDRAG

I dette arbeidsoppdraget skal du installere ei enkel start- og stoppløysing i form av ein motorvernbrytar i ein trefasa 230 V asynkronmotor.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. arrangementsteikning
  3. funksjonsbeskriving
  4. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • ulike typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum for manuelt motorvern

Hovudstraumskjema over ein manuell hovudstraumbrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019

Læringsressursar

Motorstart