Hopp til innhald

Fagstoff

Hovudkomponentar i motoranlegg

Her går vi gjennom dei litt større komponentane som høyrer til dei ulike startmetodane for asynkronmotorar.
Eit utval av komponentar for motorstyring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innleiing

I automasjonssystem i dag finst det mykje ulikt utstyr som ein treng til elektriske motorar og system. Av desse kan vi nemne:

  • trefasa sikring
  • motorvern
  • manuelt motorvern
  • manuell sikkerheitsbrytar

Komponentar for dei ulike startmetodane

Vi skal sjå litt på komponentane som vi bruker til å starte og stoppe motorar.


Trefasa kontaktor. Foto.

Kontaktor

Ein kontaktor sit i hovudstraumen. Kontaktar inni kontaktoren koplar inn og ut dei store straumane som går til motoren.





Motorvern som skal koplast til ein kontaktor. Foto.


Motorvern

Eit motorvern sit i hovudstraumen som går til motoren. Det kan monterast direkte til ein kontaktor eller vere frittståande.







Trefasa automatsikring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trefasa automatsikring

Ved manuell betening bruker ein automatsikringar til å slutte og bryte ein straumkrets. Dei bryt raskt feilstraumar automatisk når desse overstig visse verdiar. Automatsikringar vernar mot kortslutning og termisk overbelasting.


Manuell motorvernbrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Manuell motorvernbrytar

Med dette vernet kan vi starte/stoppe motoren manuelt. For å starte motoren vrir vi brytaren frå posisjon 0 til posisjon 1.

Før vi startar motoren, må dette manuelle vernet stillast inn. På framsida av vernet er det ei innstillingsskrue, der ein stiller inn merkestraumen for den spesifikke motoren som motorvernbrytaren skal brukast med. Denne verdien står stempla på skiltet på motoren.

Dette vernet skal beskytte motoren dersom han blir overbelasta.
Den manuelle motorvernbrytaren kan òg ha innebygd kortslutningsvern og vern mot fasefeil.


Sikkerheitsbrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikkerheitsbrytar

Denne brytaren er berekna på mekanisk vedlikehald. Han blir ofte brukt i maskinar eller til elektriske driftssystem der ein nyttar trefasa asynkronmotor.

Dersom ein skal utføre reparasjonar eller anna vedlikehald på eit elektrisk anlegg, er det vanleg at ein kuttar spenninga på anlegget. Ved å slå av denne brytaren vil ein halde oppe sikkerheita for dei som jobbar i anlegget. Sikkerheitsbrytaren slår nemleg av både hovudstraum og styrestraum i anlegget.

Brytaren kan låsast for å hindre utilsikta innkopling av anlegget. Slike brytarar kan plasserast på ulike stader i eit anlegg. Dersom brytaren skal bryte straumen til ein trefasa asynkronmotor, er det vanleg at brytaren er plassert like ved motoren.


CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Motorstart