Hopp til innhald

Fagstoff

Naudstopp

For å hindre skade og tap av liv må vi ha naudstopp knytt til maskinstyrte anlegg. Vi må kunne stoppe eit anlegg på ein hurtig og forsvarleg måte dersom det oppstår ein farleg situasjon.
Naudstopp-brytarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stopp ved naudssituasjon

Vi bruker naudstopp for å avbryte prosessar når det oppstår fare for liv og helse. Det er derfor viktig at vi har moglegheit til å kutte den elektriske kretsen hurtig.

Plassering av naudstopp-brytarar

På litt større anlegg har vi fleire naudstopp-brytarar plasserte på ulike stader. Det er naudstopp-brytarar ved alle operatørposisjonar, på maskinar og i område der det er naturleg at operatørar og andre ansvarlege oppheld seg. Det er òg viktig at brytarane er plasserte slik at ein ikkje trykkjer dei inn ved eit uhell. Dei må heller aldri dekkjast til eller blokkerast.

Utforming av naudstopp-brytarar

Ein naudstopp-brytar skal vere ein raud trykkbrytar, slik vi ser på biletet ovanfor. Standarden vi ser her, blir brukt over heile verda.

Pilene som går i ring, viser at vi må vri brytaren for å setje han tilbake i normalposisjon etter at vi har trykt han inn. Desse pilene er ofte kvite.

Det skal òg vere tydeleg merkt at det er ein naudstopp-brytar. Til dette bruker vi gul merking rundt knappen og ved behov tilhøyrande skilt.

Den eine brytaren på biletet har lys i midten. Dette lyset kan brukast på ulike måtar. Viss området er dårleg opplyst, kan det kan lyse i normal tilstand for å vise kvar brytaren er, men det er ikkje så vanleg. Ein meir utbreidd praksis er at lyset blir tent når nokon har aktivert naudstopp med denne brytaren. Det gjer det lettare for operatøren å sjå kva brytar som er aktivert. Ein annan praksis er at alle naudstopp-brytarane lyser når naudstopp er aktivert, men det finst som regel eigne raude lamper for dette. Det som er viktig å vite, er at naudstopp-sløyfa aldri går gjennom ei lampe. Lys og varsel i samband med naudstopp blir handtert separat.

Naudstopp-sløyfer

Naudstopp-brytarane er kopla saman i ei straumførande sløyfe, og alle brytarane er normalt stengde (NC). Det vil seie at det går straum gjennom dei når dei står i normal posisjon. Når vi trykkjer på ein av naudstopp-brytarane, opnar vi brytaren, slik at naudstopp-sløyfa blir broten.

Krav om «hardwired» sløyfe

Det er krav om at sløyfa skal vere «hardwired». Det vil seie at ho skal bestå av fysiske kablar og brytarar, og ikkje gå via noko som er styrt av programvare. Ein PLS kan med andre ord ikkje vere ein del av sjølve sløyfa. PLS-en må derfor koplast på ein fysisk naudstopp-brytar, slik at han oppfattar at naudstopp har blitt aktivert. Vi kan til dømes kople han på ein naudstopp-brytar som har ein normalt open (NO) brytar, i tillegg til NC (som naudstopp-sløyfa går på).

Kontaktkonfigurasjonar for naudstopp-brytarar

Konfigurasjon av naudstopp-brytar som viser ulike kontaktkombinasjonar med og utan lys. Illustrasjon.

Biletet viser døme på ulike kontaktkonfigurasjonar for naudstopp-brytarar. Vi bruker ein 2-kontaktbrytar i dei enkle sløyfene som ikkje krev meir enn to kontaktar. Dersom ein brytar skal koplast til fleire sløyfer, og i tillegg kunne aktiverast og gi tilbakemelding til PLS, treng vi ein 4-kontaktbrytar. Legg merke til at lampa er frittståande med eigne terminalar. Denne kan vi kople via ein ledig brytar for å kunne angi status.

To ulike skjemasymbol for naudstopp-brytar. Det øvste er eit standardsymbol for naudstopp-brytar, og det nedste viser at naudstopp-brytaren har vridar med fjør for tilbakestilling. Illustrasjon.

Hovudsløyfe for naudstopp

Denne sløyfa stoppar alt av straumførande utstyr og maskinar. Ho er kopla til omtrent alt og blir brukt i samband med brann, flaum og andre kritiske forhold. Unntaka er utstyr som trengst i ein naudssituasjon.

Andre sløyfer

Vi har òg sløyfer som stengjer ned delar av anlegget. Fire maskinar som jobbar saman i ein prosess, kan til dømes ha ei sløyfe, og to andre maskinar kan ha ei sløyfe. Desse to sløyfene kan òg ha felles brytarar som kuttar begge sløyfene.

Det finst ulike programvareløysingar som aktiverer naudstoppen, men då via ein fysisk brytar på sløyfa. Døme på dette er PLS og trådlause styrepanel.

Når sløyfa blir broten

Når vi trykkjer på ein naudstopp-brytar, blir éi eller fleire sløyfer brotne. Det er viktig at det då blir utløyst ein respons i form av lys og eventuelt lyd som fangar merksemda til dei som er i nærleiken. Operatøren er ansvarleg for å vite kva som har skjedd, og må eventuelt undersøkje nærare for å finne årsaka før anlegget blir sett i drift igjen.

Skjemasymbol

Naudstopp-brytar i styrestraum. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Halvsirkelen indikerer at dette er ein naudstopp-brytar. Symbolet kan teiknast noko ulikt, avhengig av spesifikasjonane brytaren har. Viss symbolet har eit nøkkelhol, vil det til dømes seie at ein må bruke nøkkel for å tilbakestille han. Det er viktig at du kan forskjellen på kvilekontakt (NC) og arbeidskontakt (NO).

Montering i motoranlegg

I eit motoranlegg blir naudstopp-brytaren kopla i styrestraumen, mellom kvilekontakten for det termiske motorvernet og stoppknappen. Denne naudstopp-brytaren blir som regel montert på brytarpanelet, saman med dei andre brytarane. Han har vanlegvis ei form for vern for å unngå at nokon trykkjer på han ved eit uhell.

Meir avanserte naudstopp-system

Motor- og maskinsystem kan ha avanserte løysingar knytte til naudstopp. Når eit anlegg har mange sensorar, avanserte maskinar som fungerer i fleire aksar (til dømes CNC-maskinar), og eventuelt fleire maskinar som jobbar saman i ein prosess, stiller det større krav til eit naudstopp-system. Då bruker ein ofte naudstopp-relé (sikkerheitsrelé) og buss-system. Årsakene til dette er strenge krav til sikkerheit og kostbart utstyr som må handterast med varsemd for å unngå at delar blir øydelagde. Vi går ikkje detaljert inn på dette på Vg1, men det kan vere greitt å kjenne til at det blir brukt.

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Motorstart