Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor med to hastigheiter (STI 7)

I dette oppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor med to hastigheiter ved hjelp av brytarar og kontaktorar.
Biletet viser fleire kontaktorar med hjelpeblokker og motorvern. Det er også kopla til nokre leidningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du få eit innblikk i korleis vi kan starte ein trefasa asynkronmotor med to hastigheiter ved hjelp av brytarar og kontaktorar.

Denne installasjonen kunne vore brukt til å starte og stoppe eit transportband der ein har behov for to hastigheiter.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal du installere ei enkel start- og stoppløysing for ein trefasa 230 V asynkronmotor med to hastigheiter.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. styrestraum (start med ein kladd)
  3. arrangementsteikning
  4. funksjonsbeskriving
  5. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • fleire typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum og styrestraum for ein dahlanderkopla motor med to hastigheiter

Skjema over hovudstraum og styrestraum for ein dahlanderkopla motor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2019

Læringsressursar

Motorstart