Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor med dreieretning (STI 5)

I dette arbeidsoppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor som kan køyrast i begge retningar.
Biletet viser to kontaktorar med leidningar tilkopla. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du få eit innblikk i korleis vi kan snu dreieretninga på ein trefasa asynkronmotor.

Denne installasjonen kunne vore brukt til å opne og stengje ein industriport eller til å køyre eit transportband fram og tilbake.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal du kunne køyre ein trefasa 230 V asynkronmotor i begge retningar ved å snu dreieretninga på motoren.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. styrestraum (start med ein kladd)
  3. arrangementsteikning
  4. funksjonsbeskriving
  5. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • fleire typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum og styrestraum for dreieretningsvendar

Skjema over hovudstraum og styrestraum for dreieretningsvendar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2019

Læringsressursar

Motorstart