Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor med stjerne/trekant-vendar (STI 6)

I dette arbeidsoppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor med stjerne/trekant-vendar.
Biletet viser ein trykkskjerm med knappar og eit hovudstraumskjema over ein stjerne/trekant-vendar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du få eit innblikk i korleis vi startar ein trefasa asynkronmotor med stjerne/trekant-vendar. Vi bruker stjerne/trekant-vendar dersom vi har behov for ein mjukare start eller eit lågare moment i startaugneblinken, eller dersom straumnettet ikkje er «stivt» nok, slik at ein stor startstraum forårsakar uønskt belasting på nettet.

Denne startmetoden blir òg brukt på motorar i mindre fartøy til sjøs.

Denne installasjonen kunne vore brukt til å starte pumper som krev lågt startmoment, eller til å starte ein stor motor som driv ei vifte som har kilereimer, for å skåne reimene i oppstarten.

For å oppnå mjuk start av ein motor kan vi òg bruke ein eigen mjukstartar. Dette kjem det meir om i ein annan læringsressurs.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal du kunne køyre ein trefasa 230 V asynkronmotor ved hjelp av ein stjerne/trekant-vendar.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. styrestraum (start med ein kladd)
  3. arrangementsteikning
  4. funksjonsbeskriving
  5. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • fleire typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum og styrestraum for stjerne/trekant-vendar

Skjema over hovudstraum og styrestraum for stjerne/trekant-vendar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2019

Læringsressursar

Motorstart