Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor frå to stader (STI 4)

I dette arbeidsoppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor frå to stader ved hjelp av brytarar og kontaktorar.
Biletet viser to kontaktorar med hjelpeblokker. Det er også kopla til nokre leidningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du få eit innblikk i korleis vi kan starte ein trefasa asynkronmotor frå to stader ved hjelp av brytarar og kontaktorar.

Denne installasjonen kunne vore brukt til å starte og stoppe eit transportband eller til å køyre ein stolheis frå to stader i ein skibakke.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal du installere ei enkel start- og stoppløysing i ein trefasa 230 V asynkronmotor. Ved hjelp av brytarar og kontaktorar skal det vere mogleg å starte og stoppe motoren frå to stader.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. styrestraum (start med ein kladd)
  3. arrangementsteikning
  4. funksjonsbeskriving
  5. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • fleire typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum og styrestraum for start og stopp frå to stader

Skjema over hovudstraum og styrestraum for start og stopp frå to stader. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-NC-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019

Læringsressursar

Motorstart