Hopp til innhald

Fagstoff

Kontaktoren

Når vi skal montere straumtilførsel til ei stor belastning, kan vi ikkje bruke ein vanleg brytar, då må vi bruke ein kontaktor. Her kan du sjå korleis han er bygd opp og fungerer.
Kontaktor for 3-fase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein kontaktor er eit relé som er designa for å handtere store straumar. Vi kan sjå på kontaktoren som ein stor brytar som blir aktivert ved straumtilførsel. Kontaktoren kan styrast med til dømes ein enkelt brytar eller PLS (programmerbar logisk styring).

Prinsipp for kontaktor

Vi kan tenkje oss at kontaktoren er delt i to: ei styrestraumside og ei hovudstraumside. På hovudstraumsida har vi gjerne ein stor motor som krev mykje straum, og vi må ha moglegheit for å skru han av og på. Når vi skrur på brytaren på styrestraumsida, blir det aktivert ein spole inni kontaktoren. Spolen trekkjer no til seg kontaktflatene i kontaktoren, og motoren startar.

Når ein kontaktor blir aktivert, vil vi høyre eit klikk eller at han "smell litt". Det er veldig viktig at kontaktoren har eit kontant påslag. Årsaka til dette er at når vi skal handtere store straumar, vil vi unngå varmgang. Dersom kontaktoren fungerer treigt, vil det kunne bli såpass varmt at kontaktflatene kan "sveisast" saman, og kontaktoren kan då bli øydelagt. Det er òg gneistefare involvert, som igjen er brannfarleg.

Teikning som viser korleis ein kontaktor fungerer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Montering og kopling

Pass på at du skrur kontaktoren ordentleg fast. Han skal monterast på ei DIN-skjene på ei tavle eller i skap. Gjer òg vurderingar når det gjeld plassering i forhold til andre komponentar og kabelføring.

Dersom vi ser nærare på kontaktoren, vil vi sjå at han har ei rekkje skruar med tilhøyrande tal. Vidare kan vi sjå at toppen på denne kontaktoren er kvit, mens resten av kontaktoren er svart. I den svarte delen har vi tre skruar på kvar side, dei er merkte med nummera frå 1, 3 og 5 på toppen og 2, 4 og 6 på botnen. Dette er terminalar for hovudstraum, altså dei tre fasane som går til motoren.

Dei seks skruane i den kvite delen høyrer til styrestraumdelen. Skruane til høgre (A1 og A2) går direkte til spolen. Når desse blir tilførte straum, vil spolen og magneten bli trekt mot kvarandre (kontaktoren sler inn). Til venstre har vi skruane 13 og 14. Desse er merkte med NO (Normally Open). NO vil seie at desse er tilknytte ein brytar som er open når kontaktoren er open. Vi bruker gjerne denne til å skru på ei lampe, annan kontaktor eller ein alarm.

I midten har vi skruane 21 og 22. Desse er merkte med NC (Normally Closed). Det vil seie at denne brytaren er lukka når kontaktoren er open, og at han er open når kontaktoren er lukka. Denne kan til dømes brukast til å skru av ei lampe, annan kontaktor eller ein alarm.

Det er òg vanleg at ein PLS (programmerbar logisk styring) kan styre ein kontaktor eller eit relé.

Kontaktorterminalar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NO og NC blir kalla hjelpekontaktar. Sidan NC er normalt lukka, kallar vi han for kvilekontakt. Sidan NO normalt sett er open, så kallar vi han for arbeidskontakt. Desse kan brukast for å gi status på tilstanden til kontaktoren (open eller lukka) til eit kontrollsystem. I ein del tilfelle er det aktuelt å ha fleire hjelpekontaktar. Då bruker vi eit hjelperelé og koplar hjelpekontaktane frå kontaktoren til det.

Det er ein standard for nummerering av hjelpekontaktane:

NC Kvilekontaktane: 21–22 og 31–32 osb. (Siste siffer er 1 og 2.)
NO Arbeidskontaktane: 13–14 og 43–44 osb. (Siste siffer er 3 og 4.)

Det vil vere avvik frå standarden, så det er viktig at du studerer nummereringa på kontaktoren nøye.

Kontaktor - brytarsymbol. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innmaten i ein kontaktor

Inne i kontaktoren er det ei returfjør som held kontaktane frå kvarandre når kontaktoren ikkje har spenning. Når spolen får spenning på tilkoplingspunkta A1 og A2, dannar det seg eit magnetfelt som trekkjer kontaktane saman.

Her ser vi delane inni ein kontaktor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2020

Læringsressursar

Motorstart