Hopp til innhald

Fagstoff

Signallamper

Her ser du døme på korleis signallamper blir brukte for å gi beskjedar til driftsansvarlig om tilstanden i eit anlegg.

I eit brytarpanel nyttar vi ofte indikatorlampe (signallamper) for å vise tilstanden i panelet.

Grøne lamper viser ofte normal aktivitet i anlegget, til dømes drift på ein motor. Slike lamper pleier å lyse så lenge ein kontaktor er slått inn eller ein brytar står i aktiv posisjon.

Raude lamper er teikn på unormale forhold, eventuelt at ein alarm er utløyst, noko som krev merksemd. Då er det snakk om avvik frå normal tilstand under drift.

Eit motoranlegg med PLS har gjerne sensorar plassert fleire stader. Det kan vere sensorar for trykk, mengd, rørsle og liknande. Dei kan òg melde frå om funksjonsfeil eller at ein nødstopp-brytar er aktivert. Når PLS-en får tilbakemelding om avvik, er det viktig at heile eller delar av anlegget blir stoppa. Då kan det vere fleire raude indikatorlamper som lyser/blinkar i anlegget, og det går gjerne ein lydalarm i tillegg.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2018

Læringsressursar

Motorstart