Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor med frekvensomformar (STI 9)

I dette arbeidsoppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor med frekvensomformar.
Frekvensomformar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du få eit innblikk i korleis vi kan starte ein trefasa asynkronmotor med ein frekvensomformar. Vi bruker frekvensomformar når vi har behov for turtalsregulering av motoren. Då kan vi justere hastigheita på motoren.

Ved å bruke ein frekvensomformar får vi òg moglegheit til mjuk start og stopp og til fleire måtar å køyre motoren på. Til dømes kan vi bruke lang tid på oppstart eller stopp.

Ein slik startmetode blir mykje brukt i industrien, sidan han gjer det mogleg å hastigheitsregulere motoren i ein maskin. På ein papirmaskin kan det til dømes vere behov for å tilpasse hastigheita til papiret som blir produsert.

Denne installasjonen kan brukast til å starte utstyr som er tungdrive, eller som vi vil spare for ein hard direkte start.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal du kunne køyre ein trefasa 230 V asynkronmotor ved hjelp av ein frekvensomformar.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. styrestraum (start med ein kladd)
  3. arrangementsteikning
  4. funksjonsbeskriving
  5. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy som du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • fleire typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum og styrestraum for ein frekvensomformar

Skjema over hovudstraum og styrestraum for ein frekvensomformar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2019

Læringsressursar

Motorstart