Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til elektriske maskininstallasjonar

Det er ei rekkje standardar og forskrifter som gjeld for tavler, beteningsutstyr og anna elektrisk utstyr i maskininstallasjonar. I denne artikkelen vil du lære om korleis du kan kople opp eit styreskåp forskriftsmessig.
Ei elektrisk tavle med ulike startmetodar av asynkronmotorar og ulikt anna elektrisk utstyr. Biletet viser at leiarane har ulike fargekodar som raud, blå, svart, grå og kvit. Det viser òg at alle komponentane er merkte, og at leidningane er skjulte i kabelgater. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norma Maskinsikkerhet. Elektrisk utstyr på maskiner (NEK EN 60204-1) harmoniserer og samlar relevante forskrifter og reglar for elektriske installasjonar i tilknyting til alle installasjonar som styrer maskiner. Dette er mellom anna lågspenningsdirektivet, EMC-direktivet og maskindirektivet, i tillegg til forskrift om maskiner og forskrift om elektrisk utstyr.


Vi skal her gå gjennom nokre utdrag henta frå norma, som er relevante når du skal kople i tavler som er kopla til elektriske motorar.

Fargemerking på leiarar

Leidningane som blir brukte i koplingar inne i skåp, har ofte ulike fargar, slik som illustrasjonsbiletet over viser. Fargane blir brukte for å gjere systemet meir oversiktleg og for å skilje ulike krinsar frå kvarandre. Generelt kan fargane svart, brun, raud, oransje, blå, fiolett, grå, kvit, rosa og turkis bli brukte fritt. Men kombinasjonen gul/grøn er reservert for vernejording, og lyseblå er reservert for nøytralleiar i TN-nett. Desse skal ikkje brukast til nokon andre koplingar.


Det er juridisk sett ingenting i vegen for å til dømes bruke svarte leiarar til alle koplingar, bortsett frå for nøytral- og jordleiarar. Men for å gjere tilsyn og vedlikehald enklast mogleg tilrår norma at ein bruker dei følgjande fargane på andre leiarar:

Farge

Leiarar

svart

AC og DC forsyningskrinsar

raud

AC styrekrinsar

blå

DC styrekrinsar (ein kan skilje + og – ved hjelp av fargen kvit)

oransje

styring frå ytre straumkjelde

grå

analoge signal

I tillegg skal leiarar merkast slik at dei samsvarer med den tekniske dokumentasjonen av anlegget. Som regel blir det markert kva komponentar og klemmenummer kabelen er kopla til.

Krav til leiartverrsnitt for styreleiarar

Generelle krav

Leiarar og kablar skal veljast slik at dei er eigna for dei driftsforholda som kan finnast (til dømes spenning, straum, vern mot elektrisk sjokk eller forlegningsmåtar), og for dei ytre påverknadene som kan finnast (til dømes omgivnadstemperatur, vatn, korroderande stoff, mekaniske påkjenningar under montasje og drift eller brann). Leiarar skal vanlegvis vere av kopar.

Relatert innhald

Skal vi byggje sikre elektriske anlegg, må vi berekne tverrsnitt på kablane vi skal bruke. Her syner vi deg framgangsmåten.

Fargar på brytarar og signallamper

Brytarar og signallamper. Biletet viser at dei ulike lampene og brytarane har fargar som stemmer med anbefalinga i norma. Denne tavledøra har mellom anna lamper og brytarar som følgjer anbefalingane i norma: Grøn brytar startar, raude brytarar stoppar, og svarte brytarar utfører andre funksjonar. Grøn lampe betyr at pumpa er i drift, og raude lamper betyr at pumpa er stoppa, eller at ein alarm er utløyst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brytarar

Både brytarar og lamper på beteningspanel og styreskåp skal merkast både med tekst og farge som angir funksjon. Hovudregelen er at grøn startar eller indikerer at noko har starta, og at raudt stoppar eller indikerer at noko har stoppa.

Sjå tabellane under for meir detaljerte skildringar av fargekodane.

Farge

Betydning

Forklaring og døme

raud

naudssituasjon

blir betent ved farleg tilstand eller naudssituasjon, til dømes naudstopp

gul

unormal

blir betent dersom noko unormalt har oppstått

blå

obligatorisk

blir betent dersom det skal utførast ei bestemd handling

grøn

normal

blir betent for å starte ein normal funksjon, til dømes ein motor

kvit

inga definert betydning

for igangsetjing av funksjonar som start/stopp

grå

inga definert betydning

for igangsetjing av funksjonar som start/stopp

svart

inga definert betydning

for igangsetjing av funksjonar som start/stopp

Signallamper

Farge

Betydning

Forklaring/døme

raud

naudssituasjon

ein farleg situasjon eller ein feil har oppstått

gul

unormal

unormal situasjon, men ikkje nødvendigvis farleg

blå

obligatorisk

varsel om at operatør må gjennomføre ei handling

grøn

normal

drifta er normal

kvit

inga definert betydning

kan brukast for å indikere anna som gir informasjon

Krav til stoppfunksjon

Det er tre kategoriar av stoppfunksjonar:

Kategori

Stoppfunksjon

stoppkategori 0

krafttilførselen blir broten slik at maskina/motoren stoppar (det vil seie eit ukontrollert stopp)

stoppkategori 1

kontrollert stopp ved å halde ved lag krafttilførselen til drivinnretningane for å stoppe maskina og kople frå krafttilførselen når maskina har stoppa

stoppkategori 2

kontrollert stopp ved å halde ved lag krafttilførselen til drivinnretningane

Krav til naudstopp

Naudstopp skal fungere anten som stoppkategori 0 eller som stoppkategori 1. Ved val av stoppkategori for naudstopp skal risikovurderinga leggjast til grunn.

I tillegg til krava for stopp gjeld desse krava til naudstoppfunksjonen:

Naudstoppbrytar. Foto.
  • Han skal overstyre alle andre funksjonar og driftsformer.
  • Krafttilførselen til drivinnretninga som kan forårsake farlege forhold, skal anten brytast med ein gong (kategori 0) eller styrast slik at farleg rørsle blir stoppa så raskt som mogleg (kategori 1) utan å skape farar.
  • Tilbakestilling skal ikkje gjere at maskina startar opp igjen.
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

Motorstart