Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Start og stopp av trefasa asynkronmotor med mjukstartar (STI 8)

I dette oppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor med mjukstartar.
Biletet viser ein mjukstartar, som er eit elektronisk startapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal du få eit innblikk i korleis vi kan starte ein trefasa asynkronmotor med ein mjukstartar. Vi bruker mjukstartar viss vi har behov for ein mjukare start eller eit lågare moment i startaugneblinken.

Denne startmetoden blir stadig meir brukt i industrien og erstattar til ein viss grad kontaktoren.

Denne installasjonen kan brukast til å starte utstyr som er tungdrive, som vi vil spare for ein hard direkte start, eller som treng ein mjukare stopp.

Arbeidsoppdrag

I dette arbeidsoppdraget skal du kunne køyre ein trefasa 230 V asynkronmotor ved hjelp av ein mjukstartar.

Planlegging

Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:

Start

  1. hovudstraum (start med ein kladd)
  2. styrestraum (start med ein kladd)
  3. arrangementsteikning
  4. funksjonsbeskriving
  5. rekkjeklemmetabell

Gjennomføring

  • montere opp utstyret
  • kople opp hovudstraum og styrestraum
  • teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
  • dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt

Verktøy du kan få bruk for

  • kabeltong
  • /endehylsetong
  • fleire typar skrujern
  • multimeter
  • straumtong

Døme på skjema over hovudstraum for ein mjukstartar som blir aktivert med 230 V

Det finst òg variantar som blir aktiverte berre med digitalt signal.

Skjema over hovudstraum for mjukstartar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2019

Læringsressursar

Motorstart