Hopp til innhald

Fagstoff

Andre komponentar i motoranlegg

No skal vi gå gjennom dei litt mindre komponentane knytte til dei ulike startmetodane for asynkronmotorar. Døme på slike komponentar er brytarar og lys.
Biletet viser ein berøringsskjerm som inneheld trykknappar for dei forskjellige startalternativa for ein asynkronmotor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektriske komponentar i eit anlegg

Startbrytar

Ein startbrytar blir brukt for å starte den trefasa asynkronmotoren. Når du trykkjer på denne, sluttar han ein kontakt inne i brytaren som får kontaktoren til å slå inn og motoren til å gå.

Stoppbrytar

Ein stoppbrytar blir brukt for å stoppe den trefasa asynkronmotoren. Når du trykkjer på denne, bryt du ein kontakt inne i brytaren. Deretter blir straumen til kontaktoren broten, og motoren stoppar.

Naudstoppbrytar

Ein naudstoppbrytar blir brukt til rask utkopling av eit anlegg viss det oppstår farlege situasjonar, eller viss ein ikkje ønskjer at eit anlegg skal starte. Naudstoppbrytaren skal vere raud med gul bakgrunn.

Slike brytarar er vanlege på industrimaskinar som blir betente av menneske. Vi ser dei òg ved rulletrapper og på større verktøymaskinar.

Lys

Lys blir ofte brukt i samband med start og stopp av motorar for å vise om motoren går eller ikkje, eller om det er noko gale i kretsen. Tavlenorma inneheld tilrådingar om lysfargar.

Arbeidskontaktar

NO-kontaktar (Normally Open) er anten arbeidskontaktar eller lukkekontaktar. Ein slik kontakt er vanlegvis open (utan samband), men lukkar seg og skaper eit samband når han blir aktiv. NO-kontaktar er som regel merkte med siffer som endar på 3 og 4, til dømes 13 og 14, 53 og 54.

Kvilekontaktar

NC-kontaktar (Normally Closed) er kvilekontaktar eller opne kontaktar. Ein slik kontakt er vanlegvis lukka (med samband), men opnar seg når han blir aktiv og bryt sambandet i kretsen. NC-kontaktar er som regel merkte med siffer som endar på 1 og 2, til dømes 21 og 22, 61 og 62.

Stopp- og startknappar

Startknappar er som regel alltid NO-brytarar, både i kopling og i PLS-programmet, sidan NO er berekna på å starte noko eller gi eit signal. Stoppfunksjonen er i utgangspunktet NC og skal alltid koplast som NC i kontaktorstyringa, slik at viss det oppstår brot i kabelen, skal dette brotet stoppe anlegget.

Stoppknapp og PLS-programmering (NO eller NC)

Når vi bruker stoppknappar mot PLS-programmering, kan desse vere både NC og NO ute i anlegget. Det vi må hugse på, er at viss stoppknappen er kopla som NC ute i anlegget, må vi programmere han som NO i PLS-programmet. Årsaka er at NC er ein kvilekontakt som gir samband ved normal drift, altså gir eit konstant (høgt) signal. Viss du programmerer stoppknappen som NC i PLS-programmet, vil han registrere eit høgt signal og dermed aktivere og bryte kretsen i programmet. Dette unngår vi ved å bruke anten NC i kopling og NO i programmet, eller NO i kopling og NC i programmet. Det første alternativet, altså NC i kopling og NO i PLS-programmet, er nok mest vanleg, men vi må hugse på at ulike maskinar kan vere kopla på ulike måtar. Og dersom du skal programmere, må du ta omsyn til korleis maskinen eller anlegget er kopla opp.

CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2020

Læringsressursar

Motorstart