Hopp til innhald

Fagstoff

Startmetodar for trefasa asynkronmotorar

Her får du ein grunnleggjande gjennomgang av alle startmetodar for trefasa asynkronmotorar. Vi skal først gå gjennom komponentane som høyrer til dei ulike metodane.
Tavle med mange moglege startmetodar for asynkronmotorar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innleiing

I dei fleste moderne automasjonssystema – uansett næring – finn du utstyr som inneheld elektriske motorar.

Desse motorane kan høyre til pumper, vifteanlegg, elektrisk styrte ventilar, styrte robotar og ulike typar maskiner – alt frå store papirmaskiner til mindre pakkemaskinar for mat. Motorar blir dessutan brukte til å opne store industriportar. Moderne elektriske bilar har òg éin eller fleire elektromotorar.

I denne artikkelen skal vi sjå på ulike startmetodar for ein type vekselstraummotor som vi kallar trefasa asynkronmotor.

Utstyr til start og stopp av motorar

Automatsikring

Ved manuell betening blir automatsikringar brukte til å slutte og bryte ein straumkrets. Når feilstraumar overstig visse verdiar, bryt automatsikringane raskt feilstraumane automatisk. Ei automatsikring beskyttar mot kortslutning og termisk overbelasting.

Trefasa automatsikring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Manuell motorvernbrytar

Dette vernet kan vi bruke til å starte motoren manuelt med. Då vrir vi brytaren frå posisjon 0 til posisjon 1.

Før vi startar motoren, må vi stille inn dette manuelle vernet. På vernet er det eit innstillingshjul. Der skal vi stille inn merkestraumen for motoren som vernet skal brukast med. Denne verdien står stempla på skiltet på motoren.

Dette vernet skal beskytte motoren dersom han blir overbelasta. Ein manuell motorvernbrytar kan òg ha innebygd kortslutningsvern og vern mot fasefeil.

Manuell motorvernbrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikkerheitsbrytar

Denne brytaren er berekna på mekanisk vedlikehald og blir ofte brukt i maskinar med trefasa asynkronmotor.

Når vi skal utføre reparasjonar eller anna vedlikehald på eit elektrisk anlegg, er det vanleg å leggje anlegget spenningslaust. Ved å slå av denne brytaren tek vi i vare personsikkerheita. Sikkerheitsbrytaren slår nemleg av hovudstraum og styrestraum i anlegget.

Brytaren kan låsast for å hindre utilsikta innkopling av anlegget. Slike brytarar kan vere plasserte på ulike stader i eit anlegg. Dersom brytaren skal bryte straumen til ein trefasa asynkronmotor, er det vanleg at han er plassert like ved motoren.

Sikkerheitsbrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klikk på punkta på asynkronmotoren nedanfor for å få meir detaljert informasjon om delane han består av.

Trefasa asynkronmotor

Trefasa asynkronmotor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den trefasa asynkronmotoren er den mest brukte elektriske motoren i industrien. For at motoren skal verke, må han ha spenning frå tre fasar. Motorane kan leverast med fleire hastigheiter, men dei fleste har berre éi hastigheit.





Slik ser ein trefasa asynkronmotor ut inni. Vi ser mellom anna rotor, lager, viklingar og kjølevifte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motoren har ei enkel oppbygging og består av få delar. Den delen som går rundt, kallar vi rotor.

Stator er den delen som ligg rundt rotoren og består av tre viklingar. Denne delen står i ro. Viklingane frå statoren går til koplingsboksen øvst på motoren.

I kvar ende av akselen som rotoren er festa på, er det eit kulelager. Lengst bak ser vi kjølevifta til motoren.




Skilt på asynkronmotor

På merkeskiltet finn vi tekniske data om den trefasa asynkronmotoren.

Koplingsboks på ein trefasa asynkronmotor. Vi ser leidningar som er kopla til skruar i boksen. Foto.

Koplingsbrett på asynkronmotor

Her viser vi koplingsbrettet utan at laskane er kopla inn i motoren. Dersom vi skal kople motoren i stjerne eller trekant, må vi skru laskane på brettet. Legg merke til korleis fasane er kopla til på brettet.










Trekanttilkopling i ein koplingsboks i ein asynkronmotor. Foto.

Asynkronmotor med trekanttilkopling

Biletet viser ein tilkopla motor som er kopla i trekant. Leidningane i kabelen er kopla til tilkoplingspunkt U1-V1-W1. Laskane er kopla i trekant og forbind viklingane U1-W2 og V1-U2 og W1-V2.



Stjernetilkopling i ein koplingsboks i ein asynkronmotor.  Foto.

Asynkronmotor med stjernetilkopling

Biletet viser ein tilkopla motor som er kopla i stjerne. Leidningane i kabelen er kopla til tilkoplingspunkt U1-V1-W1. Laskane er kopla i stjernepunkt og forbind viklingane U2-V2-W1.




CC BY-SASkrive av Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2020

Læringsressursar

Motorstart