Fordjupning
CC BY 4.0Tips til korleis du kan fordjupe deg i temaet kjønn og religion.
Du er no inne i ein læringssti:
Kjønn og religion
Tips til korleis du kan fordjupe deg i temaet kjønn og religion.
Sidan det finst så stort mangfald innetter i religionane, er det lurt å snevre inn problemstillinga di når du skal fordjupe deg. For det første må du bestemme deg for kva side ved temaet kjønn og religion du vil utforske. Her er det mange moglegheiter:
Deretter må du bestemme deg for korleis du skal jobbe med dette temaet. Dette kan gjerast på fleire måtar:
Alle desse punkta kan også vere utgangspunkt for samanlikning. Du kan til dømes samanlikne kva Koranen og Bibelen seier om kvinna si rolle i familien, eller du kan undersøkje korleis religion blir brukt for å underbyggje og forsvare likestilling mellom kjønna i buddhismen og hinduismen. Det er også mogleg å samanlikne same tradisjon på to ulike tidspunkt og undersøkje korleis og kvifor synet på kjønn har endra seg over tid.
Kva må ein tenkje på når ein skal finne kjelder til religionar eller livssyn?
Ei oversikt over Ninian Smarts sju religionsdimensjonar.