Hopp til innhald

Fagstoff

Kjønn i islam

Det er ei vanleg oppfatning i islam at kvinner og menn blir rekna som likeverdige overfor Gud, men at dei har ulike roller i samfunnet og i familien.
To blide venninner med hijab. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I heilage tekstar

Dei aller fleste muslimar er einige om at kvinner og menn er likestilte overfor Gud, og at begge derfor har like mogelegheiter for å komme til paradis. Når det gjeld forholdet mellom kvinner og menn i livet på jorda, er det meir ueinigheit. Mykje av ueinigheitene botnar i ulik tolking av Koranen.

Koranen blir rekna som ei openberring i islam, og det som står der er normativt for muslimar. Som all annan tekst må han tolkast, og i islam finst ein brei tolkingstradisjon. Sidan det ikkje er éi normativ leiing i islam, er det òg vanskeleg å snakke om eit einskapleg syn på kjønn i islam.

Somme muslimar les det som står i Koranen bokstaveleg. I Koranen står det til dømes at kvinner skal arve halvparten av det ein son arvar (Koranen, 4:11). Dette kan ein sjå på ulike måtar. Viss det blir tolka bokstaveleg, kan ein seie at slik må det vere fordi det er det som står skrive.

I staden for å tolke Koranen bokstaveleg, prøver andre muslimar heller å finne det som kan kallast Koranens ånd. I dømet over kan ein legge vekt på at desse arvavgjerdene på Muhammeds tid gav kvinner rettar dei ikkje hadde frå før. Derfor er det ifølge denne tankegangen riktig med tanke på Koranens ånd å jobbe for kvinner sine rettar. Det er fleire døme i Koranen på at kvinner fekk nye rettar, sjølv om desse rettane ikkje innebar likestilling i moderne forstand.

Historiske endringar

Islam oppstod som religion på 600-talet i eit samfunn, der kvinner hadde få rettar. I Koranen fekk kvinner likevel fleire rettar som arverett og rett til skilsmisse. Til samanlikning ser vi det same i Europa først på 18- og 1900-talet. Muhammed gav òg kvinner rett til å delta i yrkeslivet og ha eiga inntekt.

I dag er det store forskjellar i synet på kjønn og kjønnsroller blant muslimar i verda. I somme muslimske land, som Afghanistan, Saudi-Arabia, Pakistan og Iran, manglar kvinner fleire grunnleggande menneskerettar. I andre muslimske land som Kazakhstan og Tunisia finn vi større grad av likestilling mellom kjønna.

Kjønnsroller og praksis i dag

Ekteskap og skilsmisse

Ekteskap blir ofte rekna som ei religiøs plikt i islam. Menn har forsørgarplikt for familien sin, og ei kvinne skal underordne seg ektemannen. Det er vanleg med medgift fleire stader, men denne skal reknast som eigedommen til kvinna. Ein mann kan på gitte vilkår ta fire koner, men dette blir mindre og mindre vanleg. Eit ekteskap i islam blir sett på som ein kontrakt mellom ektefellane og ikkje ei religiøs handling. Likevel er mange reglar knytte til ekteskap og skilsmisse definerte av religionen.

Kvinne med hennamåling på hendene signerer i ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skilsmisse er lov, men det blir rekna som den tillatne handlinga Allah liker minst. Ein mann kan skilje seg ved å uttale "Eg skil meg" etter litt ulike reglar. I tillegg er det nokre forhold som kan vere gyldige grunnar til skilsmisse, òg for kvinner. Krava er ulike for kvinner og menn, og dei ulike lovskulane aksepterer ulike forhold som gyldig grunn. Kvinner må søke skilsmisse gjennom ein domstol.

I teorien har altså både menn og kvinner plikter og rettar knytte til ekteskapet. Muslimar stiller seg ulikt til desse prinsippa i praksis.

I moskéen

Under bønn er det vanleg at kvinner sit i ein eigen del av moskéen bak mennene eller er i eit anna rom. Menstruerande kvinner skal ikkje be eller oppsøke moskéen då dei blir rekna som ureine i den perioden.

Det er absolutt mest vanleg at menn leier dei rituelle bønnene. I dei siste åra har der dukka opp nokre moskéar der kvinner òg leier bønn. Mariam-moskéen i København var den første i Norden. Fredagsbønna der er foreløpig berre for kvinner, fordi dei reknar det som for kontroversielt at menn òg deltek. Du kan lese meir om Mariam-moskéen på Mariam Mosque.

Det er òg flest menn som styrer dei ulike lovskulane. Vi ser likevel at kvinner er med å påverke når det gjeld nytolkingar av islam.

Kleskodar

Både kvinner og menn skal kle seg sømmeleg, men det er gjerne klednaden til kvinnene som får mest merksemd. Bruken av hijab eller andre tildekkande plagg har variert mykje igjennom historia og varierer òg mykje frå stad til stad.

Det er ikkje eit tydeleg påbod om hijab i Koranen, men det blir gjerne vist til eit bryllaup der Muhammed trekte eit forheng mellom konene sine og gjestene (Koranen, 33:53). Hijaben kan representere dette skiljet når ein er i offentlegheita. Eit anna vers seier at kvinner skal trekke eit slør over brystet sitt og skjule pryden sin for andre menn enn dei i nær familie (Koranen, 24:31).

I Vesten bruker somme muslimske kvinner hijab berre under ramadan, andre bruker han alltid når dei er utanfor heimen, andre igjen bruker han aldri. Somme kvinner bruker hijab fordi dei ser på det som eit religiøst påbod. Andre bruker han for å markere identiteten sin. Somme føler seg pressa til å bere hijab. Andre igjen føler seg friare med han på.

I somme muslimske land er det påbode for kvinner å bere hijab i offentlegheita. Viss vi ser på bilete frå Kabul og Teheran på 1970-talet, ser vi kvinner med miniskjørt og utan hovudplagg. Dette står i sterk kontrast til bilete frå dei same byane i dag. Iran innførte påbod om å bere hijab i samband med revolusjonen i 1979. I Afghanistan har Taliban-regimet innført chador (heildekkande burka) i styreperiodane sine.

Plakatar ligg på bakken med påskrifta " Hands off my hijab". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Feminisme i islam

Ifølge religionsvitar Marianne Hafnor Bøe kan vi skilje mellom to hovudtypar feminisme i islam. Den første er tekstorientert og akademisk. Dei religiøse tekstane blir lesne og blir tolka på nytt med eit feministisk utgangspunkt.

Den andre typen feminisme er aktivistisk. Den aktivistiske feminismen rettar seg spesielt mot kjønnsdiskriminerande lover og praksisar som blir påstått å vere basert på islam. I Saudi-Arabia har det til dømes gått føre seg ein feministisk kampanje for at kvinner skal få lov til å køyre bil. I 2018 blei køyreforbodet oppheva. I Iran har det vore ein kampanje for at gifte kvinner skal kunne reise utanlands utan å måtte få godkjenning av ektemannen.

Fordjuping: Feminisme i islam

Vil du fordjupe deg meir i temaet feminisme og islam? Då kan du sjå videoen under med Marianne Hafnor Bøe og lese meir i artikkelen "Hva er feminisme i islam?" på Religionsoraklene hos Universitetet i Bergen.

Homofili og kjønnsmangfald

I mange muslimske land er homofili forbode. Somme muslimske land har dødsstraff for homofil praksis. Det finst òg døme på enkelte religiøse lærde som les og tolkar dei heilage tekstane på nytt og meiner at samkjønna kjærleik bør vere tillaten òg blant muslimar. Nokre få imamar i progressive moskéar har begynt å vie samkjønna par.

Tranpersonar har lenge vore anerkjende i fleire delar av den muslimske verda. Allereie i 1987/88 blei kjønnsbekreftande operasjonar tillatne av muslimske lærde ved Al-Azhar-universitetet i Egypt og av Ayatollah Khomeini i Iran. Bakgrunnen for det har vore ei anerkjenning om at ein kan bli "fødd i feil kropp" – i motsetning det å leve ut homofil kjærleik – som blir sett på som eit val og ei stor synd. Mange transkjønna muslimar som har gjennomgått slik behandling, har likevel opplevd utestenging, diskriminering og trakassering i lokalsamfunnet sitt og har valt å flytte til ein ny stad.

Ei gruppe personar protesterer med banner. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder
CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2022

Læringsressursar

Kjønn